BRENN BÅL: Tysdag 31. januar tenner bønder over heile landet bål som eit varsel om at jordbruksmeldinga til regjeringa fører matproduksjonen i feil retning.​ Foto: Marita Skeie/Sogn og Fjordane Bondelag.

Bønder tenner bål for landbruket

Tysdag 31. januar tenner bønder over heile landet bål som eit varsel om at jordbruksmeldinga til regjeringa fører matproduksjonen i feil retning.

Lærdal: – Ved å tenne bål vil vi protestere mot ei jordbruksmelding som gir auka liberalisering og svekkjer politikken. Det er ikkje sjølvsagt at vi har eit jordbruk frå nord til sør i dette landet og eit mangfald av gardar.

– Det er dette vi brenn for og vil ha meir av, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, på organisasjonen si nettside.

(©NPK)

Til toppen