INGEN VEG UTOM: Dersom ein vil unngå ein sjuk bestand av villrein i Nordfjella sone 1, og dersom ein vil unngå auka smittepress mot andre hjorteviltbestandar, meiner VKM-medlem og -talsmann, Børnar Ytrehus (innfelt), at ein ikkje kjem utom sanering av dei rundt 1800 villreinane i bestanden. Arkivfoto
INGEN VEG UTOM: Dersom ein vil unngå ein sjuk bestand av villrein i Nordfjella sone 1, og dersom ein vil unngå auka smittepress mot andre hjorteviltbestandar, meiner VKM-medlem og -talsmann, Børnar Ytrehus (innfelt), at ein ikkje kjem utom sanering av dei rundt 1800 villreinane i bestanden. Arkivfoto

– Bør sanerast sjølv om CWDen skulle ha spreidd seg

Sjølv om skrantesjuka skulle ha smitta over på andre viltbestandar, meiner Vitskapskomiteen for mattryggleik at sanering av nordfjellareinen er det einaste brukbare alternativet. 

Lærdal/Aurland: – Eller så aksepterer me at me får ein sjuk villreinbestand som spreier smitte – med alt det inneber.

Det seier Bjørnar Ytrehus, medlem av og talsmann for Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM), som i førre veke kom med sin rapport der sanering av villreinen i Nordfjella sone 1 blir anbefalt. 

Les også: – Hjortebukkar kan spreia sjukdommen oftare og lengre

Les også: Landbruksministeren vil ha rask nedskyting av villrein i Nordfjella

For å kartleggja om og korvidt skrantesjuka har spreidd seg til andre hjorteviltbestandar vil det bli ei vesentleg utvida prøvetaking i nærliggjande villreinområder og tilgrensande eller nærliggjande terreng med hjort, rein og rådyr komande jaktsesong.

Les også: – Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg 

– Gir sikrast og best resultat

Anbefalingane går også ut på å redusera bestandar av andre typar hjortevilt som grensar til Nordfjella villreinområde.

Les også: Skrantesjuka: – Må gjera så godt me kan

Men sjølv om nye tilfeller av skrantesjuka skulle bli funne i andre hjorteviltbestandar, meiner VKM og Ytrehus utgangen for villreinen i Nordfjella sone 1 bør bli den same:     

– Det vil framleis vera slik at villreinen i Nordfjella har skrantesjuke og at denne sjukdommen vil spreia seg i bestanden og ramma fleire og fleire dyr. Samstundes vil miljøet smittast ned, og risikoen for overføring til hjort vil auka og auka. 

Vidare utdjupar han:

– Vil ein for det første hindra mest mogleg smittespreiing og for det andre bevara ein frisk og berekraftig villreinbestand på Nordfjella, så er nok diverre sanering med brakklegging og utsetjing av friske dyr den løysinga som gir sikrast og best resultat. 

Les også: Meiner heile villreinsstamma i Nordfjella bør sanerast

– Ein risiko ein kan leva med inntil har mer kunnskap

CWD, etter kvart omtala som skrantesjuke, vart først funne på ei reinssimle i Nordfjella sone 1 i fjor vår. Om lag ein månad seinare, i mai, vart også CWD funne på to elgar i Selbu i Sør-Trøndeleg.

Artikkelen held fram under biletet

FØRSTE OFFER: Denne villreinssimla funne i Nordfjella i april i fjor, er det første kjende offeret for skrantesjuke på rein, og første gong sjukdommen blir oppdaga i Europa. Arkiv
FØRSTE OFFER: Denne villreinssimla funne i Nordfjella i april i fjor, er det første kjende offeret for skrantesjuke på rein, og første gong sjukdommen blir oppdaga i Europa. Arkiv

Les også: Dette var «monsteret» sitt første offer

Likevel ligg det førebels ikkje an til sanering av elgen i Sør-Trøndelag på same vis.

– Samfunnskostnadane med å gjennomføra tiltak etter strategi 3 (dvs. sanering, journ. anm.) for elgen i Selbu med omkringliggjande områder – som jo blir ganske så store, basert på elgen sin arealbruk i området, reindrifta også vidare – vil bli svært omfattande. 

Ytrehus strekar vidare under at ein meiner CWD-en funne på desse elgane er av ein atypisk form, basert på følgjande vurderingar:

  • Hjerneforandringane på desse elgane skilde seg frå det som er sett hjå elg, wapiti, mulhjort og kvithalehjort i Nord-Amerika og hjå villreinen i Nordfjella
  • Korleis prionproteina fra Selbu-elgen oppførte seg ved ein spesiell testmetode
  • At begge elgane var så gamle, 13 og 14 år
  • At det ikkje vart funne andre prion-positive dyr i materialet som blei undersøkt frå Selbu og omkringliggjande områder i løpet av jakta 2016 eller hjå fallvilt frå området.

Vidare at ein meiner ein slik atypisk form for skrantesjuke tilsvarar variantar av skrapesjuke hjå sau, kugalskap og Creutzfeldt-Jacobs-sjukdom hjå menneske som ikkje blir rekna som smittsame.

– Å setja i gang tiltak for så å seinare finna ut at dette var heilt unødvendig, ville slå beina under framtidige tiltak mot smittsam skrantesjuke, seier Ytrehus.

– Ein burde ikkje etter føre-var-prinsippet gå utifrå at også denne varianten smittar, viss ein ikkje heilt skjønar kva det er?

– Ein kan godt seia at det ville vera fornuftig utifrå eit føre-var-prinsipp, men me har vurdert det til at dette kan vera ein risiko ein kan leva med inntil me har meir kunnskap.

Svært usikkert kor lenge skrantesjuka har vore i Nordfjella

At denne CWD-varianten vart funne på to elgar tilnærma samstundes gjer at Ytrehus ikkje utelukkar den kan vera smittsam.

– To tilfeller i løpet av kort tidsrom i same området peikar meir i retning av at Selbu-elgane var ramma av ein smittsam sjukdom. Så – det kan vera vurderinga er feil. Om det er ein smittsam sjukdom, så peikar likevel dyra sin høge alder og det at me ikkje fann det i andre dyr i retning av at den spreier seg relativt sakte og har lang inkubasjonstid. Så me har kanskje likevel tid på oss til å venta.

Når det gjeld villreinen i Nordfjella vart det funne skrantesjuke på to nye individ under jakta i fjor haust. Såleis er det funne skrantesjuke på totalt tre villreinar i sone 1, og utifrå testmaterialet kan det gå i retning av rundt ein prosent førekomst.

I VKM-rapporten blir det peika på at dette kan tyda på at skrantesjuke har vore i Nordfjella i inntil femten år.

Men dette er særdeles usikkert, strekar Ytrehus under:

– Dette er eit anslag basert på fleire antakingar og forbunde med svært stor usikkerheit. Det er sagt «opptil 15 år». Det er nok ikkje meint så absolutt i rapporten, men meir som eit ledd i eit resonnement vedrørande sannsynet for at skrantesjuka også finst i Nordfjella sone 2.  

– Sidan CWD ikkje er funne på rein nokon plass før – heller ikkje under slike klimatiske tilhøve som me har i høgfjellet i Noreg – er det kanskje vanskeleg å seia kor fort dette spreier seg på rein i Nordfjella?

– Ja, det vil eg seia. Det er mange usikkerheiter her også. På den eine sida gjer flokkåtferda til reinen at ein kan rekna med svært effektiv spreiing innan bestanden. Me er også redde for at den utstrakte bruken av saltstein kan vera ein faktor som gjer at sjukdommen lett vil spreia seg mellom hjortevilt som besøkjer desse. Dette er også ein svært viktig risikofaktor for spreiing til hjort.

Les også: Saltstein kan vera smittekjelder

Les også: Innfører forbod mot saltstein og fôring

– På den andre sida kan klimaet og jordtilhøva kanskje gjera at priona «overlever» kortare tid ute i miljøet enn i USA, seier Ytrehus.

Usikkert når og korleis sanering skal utførast

– Når ser ein føre seg full sanering av Nordfjella sone 1 skal vera fullført?

– Dette går me ikkje inn på i rapporten. Me seier berre at sanering er den beste moglegheita dersom ein ønskjer å utrydda sjukdommen. Men – me seier jo at risikoen for spreiing aukar med tida, medan sannsynet for å klara å utrydda sjukdommen synk.

Korleis sanering av villreinen i Nordfjella sone 1 praktisk skal utførast er det førebels ikkje sagt noko om – anna enn at landbruksminister Jon Georg Dale har gitt Mattilsynet i oppdrag å førebu eit slikt tiltak.

– Dette er noko den lokale forvaltninga, rettigheitshavarane og dei statlege myndigheitene må finna ut av, seier Ytrehus.

Til toppen