UTSETT: Jon Georg Dale under møtet med Sogn og Fjordane Bondelag om jordbruksmeldinga – no blir handsdaminga av meldinga utsett. Foto: Marita Skeie/Sogn og Fjordane Bondelag.
UTSETT: Jon Georg Dale under møtet med Sogn og Fjordane Bondelag om jordbruksmeldinga – no blir handsdaminga av meldinga utsett. Foto: Marita Skeie/Sogn og Fjordane Bondelag. (Foto: Marita Skeie)

Borgarleg bondebråk spreier uro før jordbruksoppgjeret

Usemje på borgarleg side forseinkar arbeidet med jordbruksmeldinga på Stortinget. No blir den sluttbehandla først dagen før jordbruksoppgjeret startar.

– Lite tilfredsstillande for å seie det forsiktig, seier generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag til NTB. Han fortel at bondeorganisasjonane har levd i høgspenning sidan meldinga vart lagt fram 9. desember.

– Den inneheld avgjerande rammevilkår og mål for norsk matproduksjon og seier noko om verktøya som skal til for å nå dei. At meldinga no blir utsett gjer jordbruksoppgjeret unødvendig komplisert, seier han.

Les også: Fyrde opp varselbål for å motverka landbruksdød

Les også: Bondebål får Dale til å tenne

Les også: Bøndene la trykk på ministeren

Løfta opp

Næringskomiteen på Stortinget skulle ha kome med innstilling i saka torsdag, men fristen er no utsett til 6. april. Behandlinga i salen vil først skje 25. april – ein månad etter planen.

No blir forhandlingane på borgarleg side løfta opp eit nivå – til dei parlamentariske leiarane, seier Frps Morten Ørsal Johansen til NTB.

– Vi vart rett og slett ikkje einige innan fristen. Derfor måtte saka utsettast, seier Høgres Ove Trellevik.

Ingen av dei vil seie noko konkret om kvar striden står.

– Kva ein er ueinig om er krevjande å forklare når ein forhandlar og jobbar for å bli einig. Ting heng i hop, seier Trellevik.

Endringar

Tidlegare torsdag slo komitéleiar Geir Pollestad (Sp) fast overfor NRK at det låg an til store endringar i det opphavlege forslaget til regjeringa.

– Jordbruksmeldinga har vore igjennom ein "bli ny-dag". Den er ikkje til å kjenne igjen, og det er eg veldig glad for, sa Pollestad.

Etter komitémøtet var han mykje meir kritisk.

– Når dei ikkje klarer å bli einige etter to månader, er det grunn til å spørje om dei har prøvd skikkeleg. Dette er svært uheldig og ikkje minst uforskamma overfor jordbruket, seier han til NTB.

– Ei hån

Arbeidarpartiets Odd Omland er vel så kritisk som Pollestad. Han meiner handteringa til dei borgarlege partia er ei "hån mot norske bønder".

– Det vi er vitne til no, er ein uverdig prosess. Norsk landbruk fortener betre enn å bli offer for politisk spel og spetakkel på Stortinget, seier Omland.

SVs Torgeir Knag Fylkesnes meiner jordbruket, heilt unødvendig, blir sett i ein svært krevjande situasjon.

– Det er som om dei vakna i går og fann ut at dei måtte opp å jobbe. Dei har hatt to månader på seg til å bli einige, og plutseleg no blir det kaos, dramatikk og utsetting, seier han.

- Heile landet i bruk

KrFs Line Henriette Hjemdal slår fast at det er viktig for partiet hennar at jordbruksmeldinga sikrar eit "ambisiøst produksjonsmål" og legg til rette for landbruk i heile landet.

Ho avviser at hovudkonflikten dreier seg om inndelinga av mjølkekvotar og inntektsmålet meir generelt.

– Ikkje meir det enn andre område, seier ho.

Venstres Pål Farstad tonar ned dramatikken.

– Det var enkelte som ønskte litt meir tid, og då er det vanleg at ein får det, seier han.

Til toppen