Arkitektonisk juvel: Borgund stavkyrkje trona i toppen over Tripadvisor sine høgast rangerte landemerke i Noreg. Foto: Arkiv. 
Arkitektonisk juvel: Borgund stavkyrkje trona i toppen over Tripadvisor sine høgast rangerte landemerke i Noreg. Foto: Arkiv. 

Borgund stavkyrkje til topps i internasjonal kåring 

Den 800 år gamle stavkyrkja i Lærdal vart nummer 2. på Tripadvisor si liste over Noregs ti beste landemerker. 

Lærdal: Det var berre Nidarosdomen i Noreg som var rangert høgare enn stavkyrkja og besøkssenteret i Lærdali Tripadvisor si kåring. 

– Til saman har talet på vurderinger og "stjerner" resultert i at den kjære stavkyrkja vår og besøkssenteret er blant vinnerne av Tripadvisors "Certificate of Excellence 2016", skriv Fortidsminneforeningen på si Facebook sida. 

Les også: Stavkyrkja trekt fram som stjerneeksempel 

– Arkitektonisk juvel

Borgund stavkyrkje og besøkssenter vann prisen basert på kor mange som hadde gitt attraksjonen stjerner og positive tilbakemeldingar på den internasjonale reiseguiden Tripadvisor sine heimesider. 

– Rundt 800 år seinare ser det framleis imponerande ut, både innvendig og utvendig. Borgund er eit fascinerende vindauge til den tidlige kristendommen i Noreg og bygdelivet. Ein arkitektonisk juvel, skriv ein av dei som har gitt tilbakemelding på attraksjonen. 

Dette er berre ein av dei 154 tilbakemeldingane som folk har skrive om stavkyrkja. 

På førsteplass i kåringa kom Nidarosdomen i Trondheim og på tredjeplass bak Borgund stavkyrkje kom Fredriksten Festning. Fjerdeplassen gjekk til endå ei stavkyrkje frå fylket, nemleg Urnes stavkyrkje. 

Til toppen