BORGUNDSPALL: Solgunn Haugen stakk av med sigeren under vêrkåringa i Aurland denne veka, her flankert av Dagfinn Kvamme på 2.plass (t.h.) og Ole Magne Skårheim på 3.plass. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BORGUNDSPALL: Solgunn Haugen stakk av med sigeren under vêrkåringa i Aurland denne veka, her flankert av Dagfinn Kvamme på 2.plass (t.h.) og Ole Magne Skårheim på 3.plass. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Borgyndene gjorde reint bord på vêrkåringa

Ei genuin interesse for sau og avl forklarar bøndene på Borgund dei fantastiske resultatat dei får år etter år på vêrkåringa.

Aurland: – Me oppnår desse resultata ved å tenkja fleire slektsledd - at både mødrene, fedrene og besteforeldra til vêrlamma er av beste kvalitet, seier Dagfinn Kvamme frå Borgund

– Så trur eg me er flink til å ta vare på dyra. Me "ser" sauene, legg Ole Magne Skårheim til.

Denne veka skulle dei beste vêrlamma i Aurland, Lærdal og Årdal kårast. Kåringa fann stad på Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland og heile 89 vêrlam vart nøye studert av erfarne dommarar. 

– Må jo vera ein skikkeleg puff å starta på topp!

Kvamme og Skårheim stakk av med tilhøvesvis 2. og 3.plass i kåringa. Den tredje borgynden på pallen, som også trona øvst, var Solgunn Haugen.

– Det var moro, det. Me har også lenge hatt stort fokus på å få inn gode genar utanifrå gjennom inseminering, seier Haugen sjølv - som har teke over garden siste året, og var første gong med eigne vêrar på kåringa.

– Det må jo vera ein skikkeleg puff å starta på topp! Å få nye kostar inn i næringa som kan faget er utruleg viktig, seier Dagfinn Kvamme entusiastisk.

Og det er kanskje nettopp denne entusiasmen som har førd sauebøndene på Borgund dit dei er. Svært ofte stikk dei av med store deler av pallen under dei årvisse vêrkåringane.

– Me har ein genuin interesse for sau og avl, seier Ole Magne Skårheim.

Artikkelen held fram under biletet

DOMMARAR: Vêrane blir vurderte etter brukseigenskapar, bein og ullkvalitet av dommarane.
DOMMARAR: Vêrane blir vurderte etter brukseigenskapar, bein og ullkvalitet av dommarane.

– Super kvalitet, men middels på ulla

Men vêrkåring handlar ikkje berre om kven som kjem på pallen. Her kjem bøndene med eit knippe vêrlam som kvalifiserte dommarar vurderer kor godt er eigna til vidare avl. Ein "påsett" vêr, altså ein vêr som blir nytta under blesminga (det vil seia paringa) seinare på hausten, får mange avkom. Då må genane vera gode.

Dommarane vurderer vêrane etter tre parameter. Brukseigenskapar er den eine - her får vêrane ei total vurdering på kropp og fasong. Dei to andre parametrane er kor gode bein vêren har, samt ullkvaliteten. I tillegg har kvar enkel vêr med seg ein indeks som blir berekna utifrå kva vêr og kva søye som er foreldra til kvart enkelt lam. 

– Det er voldsamt god kvalitet generelt, men me har mykje å gå på når det kjem til ullkvalitet, seier Tom Idar Kvam, hovuddommar under vêrkåringa.

Dette forklarar han med at Norsk Sau og Geit sleppte noko opp på kvalitetskrava for ull for nokre år sidan, slik at dette ikkje har hatt like stort fokus i avlsarbeidet. Dårleg ull er ull med mykje såkalla marg og dauhår, som gjer ulla vanskeleg å farga.

– Me gjekk frå å ha landets beste ull til heilt middels. Så no får me att får at det vart sleppt opp, seier Kvam vidare.

Artikkelen held fram under biletet

ULLFOKUS: Hovuddommar Tom Idar Kvam (t.h.) fortel om svært god kvalitet på vêrane, men er klar på at ullkvaliteten har gått ned i takt med mindre ullfokus. Her tek Hallvard Haugen, far til vinnaren av kåringa, også ein titt.
ULLFOKUS: Hovuddommar Tom Idar Kvam (t.h.) fortel om svært god kvalitet på vêrane, men er klar på at ullkvaliteten har gått ned i takt med mindre ullfokus. Her tek Hallvard Haugen, far til vinnaren av kåringa, også ein titt.

Runde og markerte lår

Men elles såg det altså svært bra ut under vêrkåringa på jord- og hagebruksskulen. Alle vêrane dommarene meiner er gode nok til avl får eit lilla merke i øyret - dei som ikkje får det blir nok å finna i fårikålgryta eller under julemiddagen seinare i haust.

Diskusjonane på kåringsplassen bøndene i mellom spinn rundt sau og kvalitet. Ein vêr dommarane fann meir eller mindre perfekt på alle punkt med unntak av litt såkalla "lause" bøger blir gjenstand for diskusjon.

 – Den har utruleg flott form, seier bonde Magne Eri frå Lærdal om vêren som tilhøyrer ein kollega.

– Korleis ser du det?

– Spesielt formen på låra. Dei er runde og markerte.

– Er ikkje det berre fordi dei andre vêrane er feitare og har meir ull?

– Nei, dette er ein flott vêr. Men du ser bøgene stikk opp, det skal dei ikkje gjera.

Det var også nok til at vêren vart underkjend av dommarane. Men flotte lammelår blir det for forbrukarane.

– Spennande haust

– Det er svært god fylde og store lam i år. Nesten for bra, skal ein døma etter reguleringslagra. Prisane har gått ned på sauekjøt fordi det er større produksjon enn etterspurnad. Så det blir ein spennande haust, seier hovuddommar Kvam.

Pallen under kåringa bestod altså av tre borgynder:

1. Solgunn Haugen (Lærdal) med eit lam som fekk 167 poeng

2. Dagfinn Kvamme (Lærdal) med eit lam som fekk 166 poeng

3. Ole Magne Skårheim (Lærdal) med eit lam som fekk 165 poeng

Også dei seks neste på lista fekk småpremiar av juryen:

4. Rune Brugrand (Lærdal)

5. Anders Haugen (Lærdal)

6. Olav Grønsberg (Aurland)

7. Sjur Gjerløw (Aurland)

8. Torvald Tokvam (Aurland)

9. Jonas Lysne (Lærdal)

I tillegg hadde Ingrid Eri frå Lærdal vêren med best ullkvalitet.

Til toppen