"Born skal vernast mot krig og skal ikkje vere soldatar"

Det er eit like vakkert og rørande skode kvart år når Farnes skule  går fredsmarsj i gatene og markerer SN-dagen.

I dag er den store SN-dagen, og  dette markerte Farnes skule på stort vis, noko dei har gjort i fleire år. Denne gongen rett nok dagen før dagen.

- Kvart år samlar me inn rundt 10.000 kroner og sender til SOS-barnebyen  Ipiales i Colombia, fortel undervisningsinspektør Stein Idar Sem-Johansen til Porten.no

Sjå fleire bilete øvst oppe om du blar med pilene. (Foto: Siren B. Svortevik)

Kvart einaste år

Han seier at skulen har sendt pengar til denne byen kvart einaste år sidan 1980-talet. 

Kvart år er det 4.klassane på skulen som har ansvaret for å markera SN-dagen for resten av elevane.

- Desse får inn pengar gjennom kake-og saftsal på SN-dagen. Foreldra til 4. klassingane bakar, og smått og stort på skulen kjøper, smiler Sem-Johansen.

Lærerikt og rørande

I forkant av SN-markeringa, er det læring om emnet, og kvar klasse lagar parolar og flagg frå heile verda som dei ber med seg i fredsmarsjen rundt bygda.  

Før dei byrja å gå, samla alle seg på skuleplassen medan dei sang "Barn av regnbuen" og "SOS-sangen". 

Fakta om SN (FN):

Dei sameinte nasjonane (SN) eller FN (etter bokmål: De forente nasjoner), er ein internasjonal organisasjon som har som mål å få alle landa i verda til å samarbeida.

Nesten alle sjølvstendige statar er medlem. I tillegg har organisasjonen ein stor administrasjonsstab som blir leidd av ein generalsekretær.

Organisasjonen har ei generalforsamling der representantar frå alle medlemslanda sit. 

Tryggingsrådet er eit mindre organ med ein handfull land som har moglegheit til å handla raskare. Generalforsamlinga og administrasjonen til SN ligg i New York. SN har òg dotterorganisasjonar som konsentrer seg om ulike felt, som UNICEF (barn), UNESCO (kultur), WHO (helse), UNHCR (flyktningar) ogUNHCHR (menneskerettar). Organisasjonen har seks offisielle språk; engelsk, fransk, spansk, russisk, arabisk og kinesisk (mandarin).

SN fekk Nobels fredspris for 2001.

SN er ein etterfølgjar av det eldre Folkeforbundet. SN blei til etter Den andre verdskrigen, på ein konferanse i San Francisco der femti statar var med. 24. oktober 1945 hadde dei fleste landa som var med ratifisert avtalen, og dette vert derfor rekna som grunnleggjingsdagen.

Namnet «United Nations» er likevel eldre. Det blei først føreslege av den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt og brukt i 1942 om landa som allierte seg mot aksemaktene under andre verdskrigen. (Kjelde: Wikipedia)

Til toppen