HUNDETRENING: Nina Framstad Helle Hunderi og hunden hennar Nico under fjorårets Fjord til Fjell då det var framsyning av agility. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
HUNDETRENING: Nina Framstad Helle Hunderi og hunden hennar Nico under fjorårets Fjord til Fjell då det var framsyning av agility. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Borna får meistringskjensle i samspel med hund

Årdal Hundeklubb fekk utdelt 39.000 kroner i pengemidlar, noko som var avgjerande for å kjøpa inn nok utstyr til å starte opp med barne- og ungdomsgruppa. 

Årdal Hundeklubb startar igjen opp att med barne- og ungdomsgruppe i Seimsdalen frå 12. april. 

– Det å starta opp igjen med barnegrupper hadde ikkje vore mogleg utan pengestøtta til å kjøpa nytt utstyr, seier Nina Framstad Helle Hunderi, nestleiar i Årdal Hundeklubb. 

Aktivitetane for borna vil vere agility, lydighet, triksetrening og rallylydighet. Det vil alltid vera to vaksne instruktørar tilstades på treningane. 

Stor pengepott

For å kunne starte opp med ei slik gruppe var klubben avhengig av å kjøpe nytt utstyr for å ivareta borna sin sikkerheit på treningsområde. 

– Me var utruleg heldige då Indre Sogn Sparebank sitt gåveinstitutt gav oss heile 39.000 kroner i pengemidlar. No er alt plass og me er klare til å starte opp igjen, seier Hunderi.

Saka held fram under bilete.

NYTT UTSTYR: Her er noko av utstyret som klubben har kjøpt inn.
NYTT UTSTYR: Her er noko av utstyret som klubben har kjøpt inn.

For ein del år sidan hadde Årdal Hundeklubb barne- og ungdomsklubb, men måtte slutta med det grunna bytting av dag og redusert mannskap. 

– Det å trena agility syns eg er det kjekkaste. Agility handlar om samarbeid og samspel mellom hund og hundeførar. Det føregår i ei løype med forskjellige hinder som hunden skal passera i riktig rekkefølgje, seier Hunderi. 

Krevjande kvardag

Hunderi trur det er mange som ikkje har dyr, som som skulle ønskja at dei hadde ein dag i veka der dei kunne få leika og trena saman med hundar. 

– Dette gjeld alle born. Men kanskje spesielt dei som har ein litt krevjande kvardag, som til dømes personar med funksjonshemming. Når ein får til det spesielle samspelet med hunden får ein ei fantastisk meistreingskjensle og kjenner på tryggleiken av å vera i nærleiken av dyr, seier Hunderi. 

Saka held fram under bilete.

AKTIVITET: Årdal Hundeklubb har mellom 15-20 aktive medlemmer i dag.
AKTIVITET: Årdal Hundeklubb har mellom 15-20 aktive medlemmer i dag.

Ho legg vekt på at kontakten mellom menneske og dyr er både viktig og bra. Borna er veldig konsekvente og lærer og handtera dyr på ein fin måte. 

Svært aktiv gruppe

I tillegg til barne- og ungdomsgruppa som er for dei mellom 8 og 16 år, har også Årdal Hundeklubb agility-gruppe og lydigheitsgruppe. 

– Mange tenkjer kanskje at det med lydgheit kan vera litt skremmande, men det me driver med er kvardagsleg lydigheit. Her er det snakk om heilt enkle og grunnleggjande teknikkar, seier Hunderi. 

Ho skulle ønskja at fleire i kommunen hadde nytta seg av tilbodet. I dag er det mellom 15 og 20 personar som er aktive i klubben. 

– Me har også kvelpekurs for dei som er interesserte i det, seier Hunderi. 

Syna fram på Fjord til Fjell

Årdal Hundeklubb skal under Fjord til Fjell, syna fram kva dei har trena på dette året. Til neste år skal også klubben arrangere eit landsdekkjande agilitystemne der kven som helst kan delta. 

– Stemnet skal gå over tre dagar i juni, fredag til søndag. I tillegg til å nytta utstyret som me no har fått kjøpt inn, har me og tenkt å syna fram den flotte bygda vår med ein del turar i nærområdet. Årdal ligg så pass sentralt til i Sør-Noreg at folk frå alle kantar kan delta, seier ho. 

Stemnet skal arrangerast på Cuba-stadion på Årdalstangen. Til hausten skal klubben også arrangera instruktørkurs. Her blir det to helgar med kurs, og den siste helga er det eksamen. Kurset har endå ikkje blitt utlyst, men allereie er det seks påmeldte. 

Til toppen