IMPONERANDE: Denne gjengen står bak innsamlingsaksjonen som enda i nesten 10 000 kroner. Her framfører dei ein norsk sang til den syriske familien. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
IMPONERANDE: Denne gjengen står bak innsamlingsaksjonen som enda i nesten 10 000 kroner. Her framfører dei ein norsk sang til den syriske familien. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Borna lagde eigen innsamlingsaksjon

3. og 4. klasse på Ljøsne skule består av ein gjeng med engasjerte born som gjerne legg ned mykje innsats for å hjelpe born som har det vanskeleg.

Lunsjen til borna i 3. og 4. klasse ved Ljøsne skule i Lærdal vart onsdag litt annleis enn vanleg, då dei venta besøk frå ein syrisk familie som er busett i bygda. 

Sidan faget mat og helse stod på timeplanen, passa det fint å invitere familien til skulen denne føremiddagen. Elevane hadde laga betasuppe, steikt rundstykker og pynta klasserommet for anledninga.

Bakgrunnen for besøket var ein innsamlingsaksjon der born, foreldre og tilsette ved skulen stod i bresjen for ein innsamlingsaksjon for å hjelpe born i det krigsherja landet Syria. 

Artikkelen held fram under biletet.

INKLUDERANDE: Rodrina (3) fekk sjølv oppleve kor inkluderande elevane i 3. og 4. klasse ved Ljøsne skule er. 
INKLUDERANDE: Rodrina (3) fekk sjølv oppleve kor inkluderande elevane i 3. og 4. klasse ved Ljøsne skule er. 

Born hjelper born

Lotteriet fann stad utanfor nærbutikken på Ljøsne ein laurdag i september, og resultatet vart over 7 000 kroner. I tillegg har nokre av elevane hatt eit privat lotteri, og 1. til 4. klasse lagde lapskaus som dei selde til elevar og tilsette ved Ljøsne skule ein dag dei hadde open kantine. 

Til saman fekk borna samla inn svimlande 9 492 kroner på kort tid som går til Røde Kors sitt prosjekt "Barn hjelper barn". 

– Dette er born med ekte engasjement, og med stor motivasjon for å hjelpe andre, seier ein rørt rektor ved Ljøsne skule, Eva Hage Solstad.

Ville takke

GOD KONTAKT: Frøydis Helland har god kontakt med den syriske familien, og fortalde dei om innsamlingsaksjonen til borna. Arkiv
GOD KONTAKT: Frøydis Helland har god kontakt med den syriske familien, og fortalde dei om innsamlingsaksjonen til borna. Arkiv

Då Frøydis Helland tidlegare denne veka inviterte til innsamling av varme kle til flyktningane som kjem til Lærdal, vart Mohamed Shaham Dandashi og kona Lobna Kadm gjort merksame på engasjementet til åtte- og niåringane. 

Les også: Gav folk ein sjanse til å hjelpa

Familien frå Syria ynskja å kome på besøk til elevane for å takke dei, og for å syne kor mykje dei set pris på at born i Norge bidrar på denne måten. 

– Før me kom til Noreg, fortalte ein norsk representant frå IOM (International Organization for Migration, journ. mrk) oss om norsk kultur og korleis nordmenn er. Me fekk beskjed om at me aldri måtte sei "hei" til ein nordmann så lenge han eller ho ikkje hilste først, seier Dandashi. 

Han vart difor særs overraska då han og familien kom til Lærdal for få månader sidan, der dei utelukkande vart møtt med smil og gode ord. 

Artikkelen held fram under biletet.

AUDMJUKE: Mohamed Shaham Dandashi og kona Lobna Kadam set stor pris på mottakinga dei har fått etter dei flytta til Lærdal.
AUDMJUKE: Mohamed Shaham Dandashi og kona Lobna Kadam set stor pris på mottakinga dei har fått etter dei flytta til Lærdal.

Familien kom til Noreg og Lærdal med inntrykk av at nordmenn ikkje kjenner til situasjonen i Syria. Såleis kom denne innsamlingsaksjonen til elevane som endå ei overrasking, og difor ville familien gjerne møta dei engasjerte borna.

Fekk telefon

Dandashi kjem opprinneleg frå byen Talkalakh som ligg nordvest i Syria, og nord for grensa til Libanon. For fire år var planlegginga til bryllupsfeiringa i full gong og han hadde ein god jobb. 

I 2011 vart byen bomba og øydelagt, og omlag 2000 menneske prøvde å flykte til Libanon. Han og Lobna var blant desse.

– Eg fekk ein telefon om at hus og bil var fullstendig øydelagt av bomber, seier Dandashi. Han tydeleggjer kor raskt dette skjedde med eit lett knips med fingrane.

Dei har budd i Libanon fram til dei no fekk flykte til Noreg. Med seg har dei dottera Rodina (3), som er på god veg til å finne seg til rette i Lærdal. 

– Men ho saknar besteforeldra sine, seier Dandashi. 

Dei bur framleis i Libanon, og han håpar at dei får kome til Noreg neste år. 

GAV ATTENDE: For Rodrina (3) var det ikkje noko problem å stå framfor alle elevane i 3. og 4. klasse og synge for dei.
GAV ATTENDE: For Rodrina (3) var det ikkje noko problem å stå framfor alle elevane i 3. og 4. klasse og synge for dei.
Til toppen