EIGENUTVIKLING: Det er stort fokus på eigne prestasjonar, leik og moro når Lærdal Idrettslag arrangerer friidrett for dei yngste kvar veka. Foto: Jan Christian Jerving.
EIGENUTVIKLING: Det er stort fokus på eigne prestasjonar, leik og moro når Lærdal Idrettslag arrangerer friidrett for dei yngste kvar veka. Foto: Jan Christian Jerving.

Borna leikar seg i form med Lærdal friidrett

Friidrett for dei yngste har blitt stadig meir populært tilbod i Lærdal.

  • Endret

Dei siste åra har Lærdal Idrettslag arrangert friidrett for dei yngste ein gong i veka frå skulestart på hausten fram til midten av semesteret.

Arrangementet har blitt meir og meir populært blant born frå alle tre skulane i bygda, og i år har rekordmange deltakarar møtt opp for å leike seg i form ved Lærdal Stadion.

Fokus på eigenvekst

I år starta arrangementet siste veka i august og har halde fram gjennom heile september. Oppmøtet har vore jamnt høgt heile hausten, rundt 40 ungar kvar veke, og i alt har 50 ungar i alderen 5-12 år delteke på friidrett denne hausten.

Tilbodet er unikt i bygda og gjev ungane ei anledning til å samlast for å teste eigne grenser utan å føle presset som ofte kjem med lagidrett.

Artikkelen held fram under biletet.

LENGDEHOPP: Dette er ein av greinene ungane kan få prøva seg i. Dei andre er spurt, høgdehopp og kast av ball.
LENGDEHOPP: Dette er ein av greinene ungane kan få prøva seg i. Dei andre er spurt, høgdehopp og kast av ball.

Bjørghild Holien, leiaren i Friidretsgruppa ved Lærdal IL, ser at borna som møter opp stort sett fokuserer på eigne prestasjonar og leik heller enn å konkurrere med kvarandre i aktivitetane dei prøver seg på.

– Det er alltid god stemning blant ungane som deltek, og få av dei heng seg opp i prestasjonane til andre ungar. Borna vert delt inn etter klassetrinn, så dei er med jamnaldre når dei prøver seg slik at det vert meir fokus på leik med venner heller enn konkurranse.

– Dei spring, hoppar, eller kastar, får eit tal, og er nøgde med det eller prøver å gjere det betre neste gong. Dei har det rett og slett gøy, samstundes som dei utfordrar seg sjølve til å prøve nye ting, noko som legg eit godt grunnlag for forbetring, eigenvekst, og fysisk fostring, seier ho til Porten.no.

Det er hovudsaklig lagt opp til fire aktivitetar som borna får prøve seg på: spurt, høgdehopp, lengdehopp og kast av ball. Dei rullerer mellom stasjonane, og alle får høve til å prøve seg fleire gonger før dei går vidare til ein annan aktivitet.

Førre veke fekk borna prøve seg på stafett, noko som vart svært populært. Dei vaksne tok initiativet og sprang i førevegen, og borna fulgte ivrig etter rundt på grasmatta på stadion og leverte pinnen vidare slik at nestemann fekk prøve seg.

Godt initiativ

Sjølv om det hovudsakleg er idrettslaget som legg opp til arrangementet har dei ofte med seg ein sponsor. I år var denne sponsoren DNB Idrettsleker, som gjennom Norges Friidrettsforbund oppretta kontakt med fleire idrettslag i landet for å hjelpe med å arrangere friidrettsdagar for born.

Artikkelen held fram under biletet.

IVRIGE: To gutar er svært ivrige når dei skal springa 60-meter.
IVRIGE: To gutar er svært ivrige når dei skal springa 60-meter.

Denne avtalen gjorde at deltakarane i år fekk avslutta haustens leikar med ei form for premieutdeling, noko dei sette veldig pris på, og som vil fungere som trekkplaster for å få fleire ungar til å delta dei neste åra.

Alle borna fekk utdelt kvar sin sekk, matboks, drikkeflaske, og t-skjorte, og det vert nok fleire av desse å sjå på skulane etter at haustferien er over.

Takknemleg

Elles har DNB hatt lite med arrangementet å gjere, og Idrettslaget har vore avhengige av hjelp frå foreldre og frivillige for å kunne halde programmet gåande, men dette har ikkje vore noko problem.

– Me er veldig takknemlege for at så mange foreldre har stilt opp og hjelpt til med å sette i stand, seier Holien.

– Dei har vore tilgjengelege før, under, og etter arrangementa, og hjelpt med tilrettelegging, engasjement og opprydding, og dei har gjort det til ei veldig koseleg oppleving for meg, kvarandre, og ikkje minst borna.

No er årets friidrettsleik over, og borna er nøgde med eigne prestasjoner og opplevingar dei har hatt sidan skulestart i haust.

Fleire av dei gler seg allereie til neste år, og det gjer arrangøren også.

Til toppen