DØM SJØLV: Dytten var soleklar, men var det nok til å dømme straffe? Sjå og døm sjølv.

VIDEO

Bortekaptein innrømmer at Ramsland-skubb hindra skåring

– Eg såg han hadde fritt skot, så eg gav han ein liten dytt i ryggen. Det var det einaste eg kunne gjere, seier ein ærleg Vegard Skjerve etter kampen. Sjå video!

Sogndal-Haugesund: 0-1

DØNN ÆRLEG: Vegard Skjerve, kaptein på Haugesund, innrømmer at han hindra Ramsland i sluttminutta.
DØNN ÆRLEG: Vegard Skjerve, kaptein på Haugesund, innrømmer at han hindra Ramsland i sluttminutta.

Etter ein bekmørk andreomgang løfta Sogndal seg dei ti siste minutta. Innsatsen kunne ha blitt krona med utlikning, men Martin Ramsland vart nok hindra til at han ikkje fekk skotet på mål.

– Eg mistar balansen, så det er dårleg av meg, er den første responsen når vi ber han skildre situasjonen.

– Klar straffe

Ramsland seier han ikkje vil bli sitert på noko «dommargreier», men ordnar eit smotthol for seg sjølv ved å sitere haugesundkaptein Skjerve, mannen som gav dytten.

– Han seier det er klar straffe og at det einaste han kan gjere er å dytte meg. Men eg skal uansett få ballen på mål, synst eg, så det er dårleg av meg.

Litt overraskande har Skjerve ein tilnærma lik oppfatning av kva som skjedde.

Sogndal - Haugesund: 0-1

Kampfakta:

Stadion: Fosshaugane Campus
Dommar: Tom Harald Hagen (Grue IL)

Målscorarar, Sogndal: 
Gule kort, Haugesund: Gytkjær (68)

Lagoppstilling, Sogndal:

1. Mathias Dyngeland
30. Joachim Soltvedt (Bye 72.)
16. Reiss Greenidge
41. Kjetil Wæhler
40. Even Hovland (k)
24. Eirik Skaasheim
4. Chidi Nwakali (Hove 77.)
10. Gilbert Koomson
27. Eirik Birkelund
7. Eirik Schulze (Brendsrød 81.)
11. Martin Ramsland

– Eg såg han hadde fritt skot, så eg gav han ein liten dytt i ryggen. Det var det einaste eg kunne gjere, seier han.

Men til forskjell frå Ramsland meiner han ikkje skubben kvalifiserer til straffe. Det er i allefall vurderinga han gir i pressesona.

– Utifrå korleis dommaren la lista i dag, så synst eg ikkje det. Eg la ei lita hand på ryggen, men slik er fotballen. Nokon gong ser dommaren det og nokon gongar let han det gå. I dag var det vår tur, seier Skjerve.

– Martin er ein ærleg spelar

Trenar Eirik Bakke synst det var greit at dei ikkje fekk dommarhjelp på tampen.

– Det er vanskeleg for han å vurdera, i og med at Martin får skyte òg. Hadde han dotte, så trur eg det hadde blitt straffe, seier Bakke.

– Eg føler dommaren er solid og har ingenting å seia på han. Er me heldige, så får me ein straffe der, men då må Martin ikkje skyta, men berre gå rett ned.

– Meiner du han burde ha gjort det?

– Martin er ein ærleg spelar, så han prøver å avslutta. Om det er bra forsvarspel, eller dårleg dømming får andre vurdera. Det som er skuffande i dag er at me ikkje greier å skapa meir i andre omgang. Sånn er fotballen, er du ikkje god nok, så fortener du ikkje poeng, seier Bakke.

Til toppen