- Artikkelen er først publisert i Årdal før og no, ei medlemsavis hjå Årdal Sogelag. Teksten er publisert på Porten.no etter avtale med styret i Årdal Sogelag.
Stølsbotten vart fødd i 1920 og vaks opp på gard i Lavikdalen. Grunna lang skuleveg, flytte han som 7-åring og budde hos slektningar i Leirvik. Dei dagane det ikkje var skule og doktoren hadde kontordag i Hyllestad, var det han som skyssa doktoren den 8 kilometer lange strekninga ed hest og karjol. Botolf fekk såleis ein tidleg start i transportbransjen.