Årdal: – Biletet er teke frå den nye lysløypa, nede ved vatnet under demningen. Det er Børtnes som ein ser i framgrunnen, og bak ser ein Bøttejuv, fortel Gro Fretland frå Årdal.
Biletet er teke to dagar før sist fullmåne. Fretland kan fortelja at ho gjekk denne turen fleire gonger den veka og at ho då kunne sjå måneskinet bli sterkare for kvar kveld. Biletet er teke mellom klokka 20:00 og 21:00 om kvelden.
– Månelyset som kjem frå sida og snøen gjer at toppen kjem tydeleg fram, seier ho, og fortel at biletet er teke med mobilkamera.
– Det er kjekt at ein får så gode bilete med mobilen. Ein har mobiltelefonar med lukkertid no, seier ho, og legg til at ho fotograferer nærbilete med speglrefleks og nyttar mobilen når det er snakk om større motiv.

Vil du dela eit bilete med oss? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.
- Les òg: Lyssette Skåri med lommelykt