STOR SKILNAD: Mykje har skjedd med Bøyabreen på 22 år. Breen har minka betrakteleg sidan 1997 (t.v) og fram til 2019(t.h).
STOR SKILNAD: Mykje har skjedd med Bøyabreen på 22 år. Breen har minka betrakteleg sidan 1997 (t.v) og fram til 2019(t.h). (Foto: Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten)

Bøyabreen har minka kraftig på 22 år: - Vemodig

Ferske bilete syner stor kontrast frå breen i 1997 og i 2019.

Sogndal: Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i Fjærland måler årleg frontendringane på nokre brear i nêrområdet.

Dei opplyser i ei pressemelding at Vetle Supphellebreen i Sogndal minka med 22 meter og at bretungane i området totalt sett har blitt tynnare dei siste åra. 

Norsk Bremuseum målte nyleg Bøyabreen og Store Supphellebreen i Fjærland. Dei har starta fotografering av breeane, og bileta syner store endringar. 

– Det er litt vemodig å halde fram med formidling om desse breane, som år etter år går attende og minkar i storleik. Temperaturen gjennom smeltesesongen aukar og normalt sett store snømengder om vinteren er ikkje nok for å kompensera massetapet frå breane, seier Pål Gran Kielland, fagansvarleg og naturvegleiar i Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten. 

Viktig for reiselivet

Gran Kielland seier Supphellebreen og Bøyabreen er viktige for reiselivet i Sogn og Fjordane. 

– Det er klart at desse to breane har vore viktige ikon for reiselivet i over 150 år i Fjærland. Turistar kom langvegs frå for å sjå og oppleve den magiske isen. Landskapet i seg sjølv med fjorden og fjella er jo fantastisk og utan sidestykke, og med breane har det høg internasjonal kvalitet.

Utan breane vil eit viktig naturelement bli borte, seier Gran Kielland. Han fortel at gjestane på bremuseet er opptekne av å redusera utslepp, samt leva meir berekraftig. 

– Dette er noko som vedgår oss alle, anten me er turistar eller lokalbefolkning. Med det meinar eg at me alle bidreg i drivhusgassutslepp og arealendringar på kloden, gjennom vår levemåte med mykje reising og forbruk. 

Viktig ressurs

Bremseltinga har konsekvensar det er viktig å rette fokus mot, meiner Gran Kielland.

Breane tilfører stabil vassforsyning til fornybar kraftproduksjon og til vatning i jordbruket, og dei er trekkplaster for reiselivet. 

– Kanskje vert fleire av naturen sine store underverk, noko breane i høgaste grad er, kraftig endra eller til og med borte i løpet av nokre generasjonar. Me som kan sjå og oppleva breane i dag er tidsvitner til endringar som er store og ikkje minst raske i eit geologisk perspektiv, seier Gran Kielland. 

Han held fram:

– Det er farten til endringane som er så skremmande, og det er global oppvarming grunna menneskeskapte utslepp av drivhusgassar og store arealendringar som er pådrivarane for desse endringane.

Til toppen