PILOTBRILLER: Erna Solberg var til stades på Hydro Karmøy onsdag morgon i samband med at Hydro skal byggje eit fullskala pilotanlegg for energi- og klimaeffektiv aluminiumsproduksjon. Hydro-sjef Svein Richard Brandtzæg serverer kake. Foto: Flickr/Norsk Hydro.
PILOTBRILLER: Erna Solberg var til stades på Hydro Karmøy onsdag morgon i samband med at Hydro skal byggje eit fullskala pilotanlegg for energi- og klimaeffektiv aluminiumsproduksjon. Hydro-sjef Svein Richard Brandtzæg serverer kake. Foto: Flickr/Norsk Hydro.

– Bra for Hydro, og bra for Noreg

Bak mørke pilotbriller tok statsminister Erna Solberg (H) bølgja for Norsk Hydros nye pilotprosjekt for aluminium på Karmøy. – Det grøne skiftet er i gang, slår statsministeren fast.

– Ein må ha det litt gøy på jobben også, seier ei blid Solberg til NTB etter å ha delt det ho kallar ein historisk augneblink med Hydro-tilsette på Karmøy onsdag morgon.

Hydro hadde då kunngjort at den formelle avgjerda om å byggje den såkalla teknologipiloten på Karmøy no er fatta. Enova bidreg med rundt 1,6 milliardar kroner. Dei samla kostnadane er berekna til 4,3 milliardar.

– Dette er ei kjempeinvestering. Det er den største investeringa i Fastlands-Noreg på ti år. Det er eit klimaprosjekt med aluminiumsproduksjon som har minst klimaavtrykk i heile verda, seier Solberg

– Denne investeringa viser at det grøne skiftet er i gang, slår ho fast.

Enova-støtte

Enova vedtok investeringsstøtte til prosjektet allereie i 2014. I fjor vart støtta godkjent av Eftas overvakingsorgan ESA. Støtta var ein klar føresetnad for at Hydro kunne sette i gang bygging av anlegget.

– Enova gjekk inn i dette prosjektet fordi vi deler den same draumen som Hydro, at norske føremoner som fornybar kraft, kompetanse og innovasjon blir brukt til å utvikle framtidas industri. Investeringsvedtaket til Hydro er med andre ord ei veldig gledeleg nyheit, både for oss og resten av verda, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

– Noreg kan no bidra til at aluminiumsproduksjonen i verda blir meir energieffektiv og klimavennleg, slår han fast.

Tilgang på kraft

Sjølv om det er Enova som sjølv bestemmer kven dei vil gi støtte til, er Erna Solberg klar på at milliardinnsprøytinga frå regjeringa i klimateknologifondet har gjort det enklare for Enova å kunne løyve så mykje til eitt enkelt prosjekt.

Ho legg også vekt på endringane regjeringa har foreslått i industrikonsesjonslova. Dette vil gjere det mogleg for eigarar å ta ut kraft som utbyte, ikkje berre pengar.

– Det vil gi stabilitet og større tryggleik for at ein har den krafta ein treng i aluminiumsproduksjonen framover. Dette er eit forslag som KrF, Høgre, Venstre og Frp tok opp i Stortinget før valet, og som vi no gjennomfører og som eg trur er ganske avgjerande for at ein tør å sette i gang. Krafttilgangsspørsmålet har vore det viktigaste spørsmålet for prosessindustrien lenge, seier statsministeren.

Milepæl

Sjølv kallar konsernsjef Svein Richard Brandtzæg avgjerda om å byggje pilotanlegget på Karmøy ein viktig milepæl for aluminium og for Hydros ambisjon om å vere bransjeleiar på teknologi og innovasjon.

– Ambisjonen er å redusere energiforbruket med rundt 15 prosent per kilo aluminium produsert, målt i forhold til verdsgjennomsnittet, og med dei lågaste CO2-utsleppa i verda, seier han.

Statsminister Erna Solberg ser no etterlengta optimisme i ei næring som i mange år har opplevd nedbemanning. No skal det bemannast opp.

– Dette er bra for Karmøy, det er bra for Hydro og det er bra for Noreg.

– Det flotte med oppbemanninga er å sjå at det er 35 lærlingar her. Dei satsar på ungdommen og på framtida i ein region som har vore hardt ramma av arbeidsløyse, men der det no er optimisme og ein ser at selskap som Aibel tar tilbake permitterte, seier Solberg. (©NPK)

Til toppen