Bra oppmøte på Vangane opp

For sjuande gong blei motbakkelaupet Vangane opp for born og ungdom arrangert søndag.

Uvêret som var meldt kom aldri, og forholda låg dermed godt til rette for ein strålande dag med motbakkelaup i Lærdal søndag. 

Folk strøymde til for å vera med. Enkelte ville følgja turlaget sitt opplegg og rusla opp på Øvre Vangen og grilla pølser i bålpanna, medan andre ville kjenne blodpumpa banke og pusten rive i halsen der dei fór opp bakkane.

Sjå stort biletgalleri øvst i artikkelen.

– Me er einaste kommunen i fylket som arrangerer motbakkelaup for born og ungdom, seier leiar i friidrettsgruppa i Lærdal IL Bjørghild Holien.

– Me har lite fokus på tider. Her skal alle ha det morosamt, og det er lik premiering, ein fin deltakarmedalje til alle. 

På startstreken stod dei aller yngste frå før skulealder til godt vaksen ungdom som går andre året på vidaregåande skule. 23 av desse sprang på tid.

Mot toppen av kunne dei vente seg jubelbrøl og heiarop frå ivrige tilskodarar som hadde teke turen ut i finvêret med god utsikt mot Øyri og oppover dalen. 

Det var også deltakarar frå andre kommunar. Om lag 150 turgåarar og motbakkelauparar var samla på Øvre Vangen.

Raskaste laupar opp var Sondre Hille (16) på tida 4.28, berre 15 sekundar føre Andreas Offerdal (18), som sprang på 4.43 og Jørgen Natvik (14) med tida 4,54. 

 

Til toppen