Bråk i Lærdal
(Foto: arkiv)

Bråk i Lærdal

Politiet i Sogn og Fjordane melder på Twitter om bråk og støy i etterkant av Jordeplerock i Lærdal denne helga.

Det kom inn fleire meldingar om støy og rusa personar i Lærdal i løpet av natta i høve arrangementet. Politiet patruljerte området fleire gonger.

I tillegg fekk politiet melding rundt 03.00 natt til søndag om ein rusa, utagerande mann som blødde frå hovudet. Det er fortsatt uvisst kva som har skjedd. Mannen vart først frakta til Lærdal sjukehus, før han vart vidaresendt til Førde sentralsjukehus.

Til toppen