POLITI: Politiet hadde litt å gjere natt til søndag. Det var hendingar i både Sogndal og Årdal. Foto: arkiv
POLITI: Politiet hadde litt å gjere natt til søndag. Det var hendingar i både Sogndal og Årdal. Foto: arkiv (Foto: arkiv)

Bråk og skadeverk natt til søndag 

Politiet hadde litt å gjere i både Sogndal og Årdal natt til søndag. 

Sogndal/Årdal: Politiet hadde litt å gjere natt til søndag. Den første hendinga skjedde i Øvre Årdal ved midnatt. Politiet fekk melding om amper stemning utanfor ungdomshuset. Då politet kom til staden vart stemninga god igjen. 

I Sogndal var det ein mann som ikkje ville forlate ein utestad, som han var bortvist frå. Politiet rykka ut og gav han pålegg om å forlate staden. 

Ein festdeltakar i Øvre Årdal blei meldt sakna. Festdeltakaren hadde lagt seg til å sove, men ikkje på sin vante plass. Vedkommande blei funnen i god behald. 

I Årdal fekk også politiet melding om skadeverk på ein skule. Forholdet vil bli følgt opp av dei. 

 

Til toppen