Bråk ved gatekjøken - ein vart sendt til lege
(Foto: arkiv)

Bråk ved gatekjøken - ein vart sendt til lege

Saka blir fulgt opp av politiet.

Sogndal: Politiet twitra om bråk og amper stemning utanfor eit gatekjøken litt før klokka 2 i natt. Politi og helse var på staden og ein person vart sendt til lege for sjekk. Politiet melder dei tok personalia på dei involverte og at dei vil følgja opp saka.

Politiet twitra også at dei heldt ein kontroll ved Loftesnesbrui seint fredag kveld der 20 førarar vart kontrollerte. Ein fekk gebyr for manglande førarkort.

Til toppen