Braksuksess for terrenglaupet Galdane Rundt

Galdane Rundt er kome for å bli etter å ha hauste dobbelt så mange deltakarar som året før.

Årets Galdane Rundt vart ein kjempesuksess, med godt over dobbelt så mange deltakarar som i fjor, nye rekordtider, og flott engasjement blant lauparane.

I dag markerte den andre gongen terrengløpet vart arrangert, men etter dagens oppslutning og tilbakemeldingar er det klart at arrangementet har komme for å bli.

God start for arrangementet

Galdane Rundt klarte i dag å etablere seg som eit terrengløp som er både attraktivt og etterspurt. Då dei starta opp i fjor, hadde dei ein opplsutning på litt over 80 påmelde, der 26 stilte i konkurranseklassen.

I år klarte arrangørane i Friidrettslaget til Lærdal å meir enn doble dette talet med heile 178 påmelde deltakarar: 120 mosjonistar og 58 konkurranseløparar, der 57 av dei som stilte til start kom i mål.

Deltakarane kom frå nært og fjernt med heile tolv representerte idrettslag frå blant anna Lærdal, Årdal, Luster, Hemsedal, Gol og Bergen. Mange av desse var gjengangarar frå i fjor, og hadde med seg fleire auøpsentusiastar som ville prøve seg på terrengløypa.

– Me er kjempenøgde med oppmøte, tider, engasjement, og respons, seier Bjørghild Holien, arrangør og leiar i Friidrettsgruppa LIL, til Porten.no

– Alt gjekk som det skulle med unntak av litt ustabilt vêr og regn mot slutten. Mesteparten av deltakarane var komne i mål då regnet tok til, så det vart heldigvis ikkje eit problem, og lauparane brydde seg stort sett ikkje.

– Me har fått mykje positiv tilbakemelding frå deltakarane om løypa, og det er flott å kunne arrangere eit terrengløp på ein så historisk og naturskjønn veg. Galdana Rundt har fått ein kjempestart desse to åra, og me gler oss allereie til neste år.

Nøgde deltakarar

Mosjonistane som melde seg på var eigentleg meint å skulle gå ut klokka 12, men ettersom talet på påmelde heldt fram å stige fekk dei som var møtt opp gå før tida for å halda løypa open for konkurranselauparane.

Dei fyrste mosjonistane var difor ferdige berre nokre minuttar etter at startskotet gjekk for konkurranseklassen klokka 13.00 og fekk utdelt medalje og litt snacks frå arrangørane ved ankomst. 

Blant dei som kom fyrst ned att til Koret var ekteparet Synnøve og Per Stadheim, som deltok for andre gong i år.

– Me er godt nøgde med arrangementet og tykkjer det er flott å sjå at så mange deltek i år. Me bur rett i nærleiken og går ofte trimturar på løypa, men me vert nok faste deltakarar på arrangementet også no som det har komme så godt i gang, seier dei til Porten.no.

Det var dei ferraste av deltakarane som hadde like kort veg til arrangementet som Synnøve og Per, men det hindra dei ikkje å stille opp i Koret for å prøve seg på løypa. Nokre av deltakarane kom så langt som fra Bergen for å prøve ut det nyoppstarta terrengløpet. 

To av landets beste lauparar på plass

Blant desse var laupsentusiastane i Team Melkesyre, som dei siste åra har vore å sjå på Storehaugen opp. Nokre av dei var også med i fjor, men i år kom dei med større mannskap og skapte storstemning for både sine eigne og andre deltakarar ved målstreken.

– Me er ei gruppe på ni stykk og har tatt oss inn på ei hytte på Filefjell over helga, seier Øystein Larsen, ein av lauparane i Team Melkesyre. 

– Eg var også med i fjor og tykkjer det er ein fin anledning til å få tatt seg ein tur når man har ei hytte å slappe av i etterpå.

Med seg i år hadde medlemma i Team Melkesyre to av dei beste lauparane i landet; Jeanette Iren Amundsen, som dei siste åra har etablert seg som ein dyktig motbakkelaupar i arrangementet Stoltzen Opp, og Thorbjørn Ludvigsen, som vann Stoltzen med løyperekord for menn i fjor, og er rekna som ein av Noregs beste lauparar. 

Helga som var deltok Team Melkesyre i motbakkelaupet Skyrace Extreme i Limone, og debuterte der med noko som ser ut til at kan bli ein tradisjon for dei i framtidige laup.

– Me tok med kubjeller i dag for å gje deltakarane ein ekstra boost inn mot mållinja, seier Team Melkesyre til Porten.no.

– Bjellene er sponsa av Salomon, laget Thorbjørn spring for, og me brukte dei som ein heiagjeng-gimmick i Italia for å støtte han førre helg og følte det passa å ta dei med hit for å auke motivasjonen til sletne lauparar.

Utfordrande løype

Slik vart det då til at når Thorbjørn Ludvigsen kom i mål på den suverene tida 32:30, så snudde han etter å ha komme i mål, sprang til bilen for å hente bjellene, og sette av gårde opp att siste bakken for å gje dei andre deltakarane ein energisk og minneverdig avslutning på årets laup.

Sjølv var han særs nøgd med arrangementet, og syntest det var ei spennane løype å springe på.

– Det var ei spennande og utfordrande løype, mykje opp og ned og variert terreng, seier han til Porten. 

– Det var flaks at regnet ikkje tok skikkeleg til før mot slutten av arrangementet. Det kunne blitt skummelt på glatte steinar i delar av løypa. No gler me oss til å komme på hytta for å slappe av. 

Som den samla vinnaren av årets Galdane Rundt får Thorbjørn gratis deltaking på neste års Storehaugen Opp, og saman med dei andre klassevinnarane fekk han også utdelt eit seidel-krus med Galdane Rundt-logo og deltakarmedalje.

Premieutdelinga markerte slutten på årets Galdane Rundt, og fleire av deltakarane gler seg allereie til neste års løp. Friidrettsesongen er over i Lærdal for i år, og friidrettsgruppa i idrettslaget tek pause fram til neste års Storehaugen opp. 

Topp fem i dame- og herreklassane:

Damer:
1. Åslaug Golf Kaardal, Lærdal: 40:42
2. Guro Jorheim, Hemsedal: 43:09
3. Anna Tråve, Lærdal 43:10
4. Jeanette Iren Amundsen, Team Melkesyre: 43:40
5. Marita Hestetun, Jotun: 44:18

Herrar:
1. Thorbjørn Thorsen Ludvigsen, BFG Fana: 32:34
2. Per Ove Walaker, IL Fanaråk: 36:09
3. Sondre Teigen Lillebostad (fjordårets vinnar): 37:27
4. Øyvind Tallhaug Guldbrandsen (f. 2003), Østre Slidre: 37:00
5. Rolf Kjetil Guldbrandsen, Østre Slidre: 37:29

Til toppen