SISTE ORD IKKJE SAGT: Siste ord er likevel ikkje sagt når det gjeld spørsmålet om folket skal få bada seg i friluftsbassenget på Årdalstangen til sommaren eller ei. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SISTE ORD IKKJE SAGT: Siste ord er likevel ikkje sagt når det gjeld spørsmålet om folket skal få bada seg i friluftsbassenget på Årdalstangen til sommaren eller ei. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Brandsdal: –Ikkje riktig av formannskapet å bestemma på eiga hand at bassenget skal stå tørt

Den betente bassengsaka vert likevel sendt til kommunestyret til drøfting. Siste ord er dermed framleis ikkje sagt.

Årdal: – Eg har ikkje gitt meg på saka, seier leiar i Årdal AP, Marie-Helene Hollevik Brandsdal.

Onsdag var ho hjå ordføraren og drøfta saka, og han kunne fortelja at saka likevel skal takast opp på kommunestyret den 1. mars.

Tysdag forkasta formannskapet kommunestyret sitt vedtak frå før jul om å halda ope badet på Årdalstangen til sommaren.

Dei folkevalde vedtok å setja av ein halv million kroner til å drifta bassenget i sommar, men då visste dei ikkje at det ville verta naudsynt å nytta ein million kroner ekstra i oppussing fyrst.

Då det kom på det reine, føreslo difor rådmannen å skrinleggja heile planen om bassengidyll på Årdalstangen til sommaren.

Marie Helene Hollevik Brandsdal var den einaste som tok til motmæle då han la fram sitt syn for formannskapet.

Men etter eit ordskifte gjekk ho til sist med på å slutta seg til fleirtalet. Dermed vedtok formannskapet samrøystes at bassenget skal haldast stengt i sommar.

Etter å ha sove på det ei natt, gjekk Bransdal i dag til ordføraren og kunngjorde at ho meiner vedtaket er ugyldig.

– Det er ei investeringssak dette, og difor må ho til kommunestyret. Når det er spørsmål om ei viktig investering skal gjerast, so er det ikkje formannskapet som skal avgjera, seier Brandsdal. 

Ordføraren var av same syn, og no er det bestemt at saka vert teken opp til vurdering att på neste kommunestyremøte, den 1. mars. 

Ynskjer seg høyringsutspel frå viktige brukargrupper

Brandsdal er glad for at det kjem til å gå ei stund før det no skal fattast ei endeleg avgjerd i saka.

– Når det er so lenge att til neste kommunestyremøte, vil me få god tid til å høyra dei viktige brukargruppene. Både ungdomsrådet og idrettsrådet, som brukar bassenget mest, vil kunna senda inn høyringsfråsegner. 

Brandsdal nemnde på tysdagens møte at ho ynskjer å høyra kva desse brukargruppene eventuelt har å seia. Det vart svara at same kva dei måtte meina, so hjelper ikkje det, når ikkje ein million kroner ekstra er å oppdriva. 

Men Brandsdal er likevel optimistisk.

– Til dømes er det mogleg å driva bassenget billigare om me kan nytta spillvarmen frå Hydro-anlegget, det er noko me hittil ikkje har prøvt ut. 

Til toppen