NY LEIAR: Marie Helene Hollevik Brandsdal er valt som ny leiar i Årdal Utvikling. Styret konstituerte seg onsdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NY LEIAR: Marie Helene Hollevik Brandsdal er valt som ny leiar i Årdal Utvikling. Styret konstituerte seg onsdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Brandsdal ny styreleiar i Årdal Utvikling

Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) er valt som ny leiar i Årdal Utvikling.

Årdal: Onsdag konstituerte styret i Årdal Utvikling seg. Der vart det klart at Brandsdal tek over leiarvervet i næringsselskapet. 

Tidlegare leiar, Arild Ingar Lægreid (Ap), er ny nestleiar. Dei andre styremedlemmane er Kurt Jevnaker (V), Anne Kauppi og Jarle Magne Teigen. Dei to sistnemnde representerer næringslivet i Årdal.

– Eg er veldig takknemleg for leiarvervet i Årdal Utvikling og for det styret eg har fått med meg. Det skal bli to kjekke og spennande år. Eg er sikker på at eg har fått med meg eit trygt styre med etablerte politikarar og næringslivsleiarar, seier Brandsdal til Porten.no.

Satsing på reiselivet

Dei to neste åra vil garantert by på interessante og utfordrande prosjekt for styret. Brandsdal føler det er mykje positivt på gong i næringslivet og peikar mellom anna på NorSun.

– NorSun går så bra som berre det, og vår jobb er å gjera Årdal attraktiv for vidare ekspansjon. Hydro er stabile med spennande planar som karbon-prosjektet. Og så er me i gong med å utvikla reiselivet. Her er det mykje spennande som vil skje dette året, og som vil gjera 2016 til reiselivets år. Det trur eg me i Årdal vil merka, legg ho til.

Ei satsing på reiselivet har vore etterlengta, ikkje berre hjå reiselivet sjølv, men kanskje spesielt blant folk flest, som stadig drar fram dette i diskusjonar om Årdals framtid. 

– Det er årdølene sjølv som har sagt dei vil at me skal promotere bygda vår og gjera ho meir attraktiv for innbyggjarar og besøkande. Det gler eg meg til.

– I tillegg ser ein at små og mellomstore verksemder har byrja å kome, og ein merkar det på folk at dei har lyst til å flytte heim att og ein merkar det på bustadprisane. Eg tykkjer det lovar bra for Årdal framover. Målet mitt er å vera ein open, luttande, synleg og motiverande leiar. Saman med styret skal me sjå moglegheiter og leggja til rette for nyskaping av verksemder og auka arbeidsplassar, seier Brandsdal.

Støy i media

Mangel på openheit er noko næringsselskapet har blitt kritisert for. Difor har mellom anna Høgre og Knut Arne Klingenberg gjentatte gonger denne hausten uttrykt eit ønske om å omstrukturera næringsutviklinga. 

Det er heller ikkje til å leggje skjul på at det har vore ein del støy rundt selskapet. I fjor sommar ønskte kontrollkomiteen å gjennomføra ein selskapskontroll, men sidan Årdal Utvikling er ei stifting, fekk dei ikkje lov. 

Seinast då det skulle veljast representantar til styret i Årdal Utvikling før jul, førte det til at kommunestyret delte seg, og det vart mellom anna stilt spørsmål om Anne Kauppi, som i tillegg til å vera dagleg leiar for Sogn Opplæringskontor også er ein framtredande Ap-politikar, blei valt inn i styret som politikar eller representant for næringslivet.

Rullering av næringsplan

Alternativet var Line Moen, men dette alternativet fall med knappast mogleg margin med 11 mot 10 stemmer for Kauppi. 

– No skal me rullera strategisk næringsplan. Då bil me gå breitt ut og invitera til møte med ei brei høyring. Her ønskjer me innspel, og me vil at dei som spesielt ønskjer å bli høyrde møter opp. Første møte er allereie i starten av februar, og på kvart styremøte framover vil me invitera bedrifter for å gjera oss kjende med dei, kva situasjonen er og kva ein ser føre seg.

– Deretter vil ein jo evaluera styreformen når me skal rullera planen. Då får ein sjå om det blir endringar, kommenterer den nye leiaren. 

Ho legg også til at fylkesveg 53 blir ei viktig sak for Årdal Utvikling, sidan ei vinterstenging av denne vil ha store konsekvensar for næringslivet, og ho oppmodar også alle bedrifter om å delta på karrieremessa til Framtidafylket i neste månad. 

Til toppen