FEKK FLEIRTAL: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) fekk fleirtal for framlegget sitt om å auke ramma til Farnes skule med 350.000 kroner med ti mot ni røyster. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FEKK FLEIRTAL: Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) fekk fleirtal for framlegget sitt om å auke ramma til Farnes skule med 350.000 kroner med ti mot ni røyster. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Brandsdal og Ap fekk vilja si – aukar ramma til Farnes skule

I desember var det Arbeidarpartiet som vart nedstemt. Då revidert budsjett skulle handsamast, var det koalisjonen som ikkje fekk vilja si.

Årdal: Det vart ein heftig debatt over 350.000 kroner då kommunestyret i Årdal skulle handsame revidert budsjett torsdag. 

Frå før låg det ei tilråding frå rådmann på å auke opp ramma på årets budsjett med drøye 3 millionar kroner. Pengane skulle ein ta inn ved å redusere avsettinga til ubundne fond med 2,6 millionar kroner og med momskompensasjon på halvmillionen.

På toppen av dette ville Arbeidarpartiet også auke ramma til Farnes skule med 350.000 kroner, der pengane skulle hentast frå disposisjonsfondet «av respekt for prioriteringane som koalisjonen gjorde då 2017-budsjettet vart handsama».

– Arbeidarpartiet ønskjer å satsa på skule. På Farnes skule ligg lærartettleiken under fylkes- og landsgjennomsnittet, samt kommunar me kan samanlikne oss med. Det har me fått urovekkande tilbakemeldingar om, og det er vår plikt å ta tak i det, grunngav Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Heen: – Å tilsette forpliktar

Det ville ikkje Senterpartiet vere med på. Aleksander Øren Heen (Sp) peika på at justeringa på 3 millionar allereie var ganske mykje og at eit slikt forslag heller burde koma i samband med ordinær budsjetthandsaming om hausten.

– Det har vore tverrpolitisk semje om at me skal vere varsamme med å auke drifta. Slike tiltak må vere gjennomtenkte og grundig utgreidd av administrasjonen. Eg tykkjer det er vanskeleg å ta eit slikt forslag over bordet når det ikkje er utgreidd, sa han.

– Å tilsette folk forpliktar over tid. Difor er det vanskeleg for Senterpartiet å støtte dette. Dessutan er det problematisk å finansiere det med disposisjonsfondet. Det hadde vore ryddigare om Arbeidarpartiet omprioriterte, heldt han fram og la til at han ikkje ønskte kommunen inn på Robek igjen.

Fekk støtte frå Venstre

Senterpartiet fekk støtte frå Kurt Jevnaker og Venstre, men vart utfordra av Sigmund Solvoll (Ap) på at dei 3 millionane i justering nettopp vert dekka inn ved bruk av fond. 

– Om det blir 300.000 kroner meir eller mindre, så er det under ti prosent av dette. Avsettinga var i desember på to prosent. No dett han ned i 1,75 prosent. Då Ap prøvde seg med det i desember, så var det uansvarleg, minna han om.

– Å redusere avsettinga til fond er ikkje det sama som å saldere eit budsjett med bruk av fond. Det er forskjell på å late vere å setja inn på sparekontoen og bruke det ein har på kontoen, svarte Heen.

Endra ordlyden i framlegget

Det førte til at Brandsdal endra ordlyden i framlegget sitt til at pengane skulle hentast ved å redusere avsettinga til disposisjonsfondet med 350.000.

– Er det godt nok for deg, Heen? spurte ho.

Det var det ikkje, men sidan koalisjonen mangla to for å få fleirtal, vart forslaget til Brandsdal ståande med ti mot ni røyster. Verken Sandra Opheim (MDG) eller Knut Arne Klingenberg (H) deltok i møtet. Ingen vara møtte for dei to representantane, og dermed var koalisjonen, som fekk til eit historisk budsjettvedtak i desember, i mindretal.

Til toppen