Brandshaug om reiselivet: – Vis tolmod

Brandshaug om reiselivet: – Vis tolmod

Reiselivskjennarane trur dagens løysing med turistinformasjon er den rette.

Årdal: Den seinare tida, etter at Porten.no fekk kontor over Utla Kafé og Bar, der turistinformasjonen var tidlegare, har me hatt fleire turistar på trammen som etterspør informasjon.

Desse har så blitt vist vidare til brosjyrehylla på Utla Kafé og Bar, der dei etter meininga skal finna den informasjonen dei treng. 

Både turistar, men også lokalbefolkinga har vist sin skepsis og er kritiske til dette tiltaket, som dei meiner er for lite i ein kommune som skal satsa på reiseliv dei neste åra. Det er Visit Sognefjord som har ansvaret for turistinformasjonen, medan Erling Eggum, som eig Utla Kafé og Bar, skal sørgja for drifta og at dei tilsette er opplærte.

Les også: Nystedt har tru på ein veldig god sesong

Årdal kommune er medeigar i Visit Sognefjord og betalar 289 300 kroner for det. Ståle Brandshaug, dagleg leiar i selskapet, forklarar kvifor det er akkurat slik i Årdal.

Krevjande

GOD LØYSING: Erling Eggum i Klingenberg Hotell trur dagens løysing er god og rimeleg. Arkiv
GOD LØYSING: Erling Eggum i Klingenberg Hotell trur dagens løysing er god og rimeleg. Arkiv

– Då me byrja selskapet, dreiv med tolv turistinformasjonar og erkjente at det var ganske krevjande. Alle kommunar har lyst på det, og det er det optimale, men det kostar mykje, både tid og pengar.

– Viss me kan samarbeida med bedrifter i Årdal om turistinformasjon i butikk, litt som post i butikk, så er det kanskje vel så godt tilbod til gjestane fordi opningstidene er lengre enn det var på kontoret vårt.

– Det me har gjort er at Erling Eggum har fått ansvar for dette på Utla Kafé og Bar og Klingenberg Hotell, og så er tanken heilt klart å få ned kostnaden. Når det gjeld kvalitet, så er dette første sesongen me prøver, og me har ansvaret for kvaliteten, medan Erling har ansvaret for drift, forklarar Brandshaug og ber audmjukt alle som har tilbakemeldingar om å senda dei direkte til han. 

Bakgrunnen for denne utprøvinga av ein litt annan vri på turistinformasjon er at besøkande endrar seg. Ifølgje Brandshaug brukar folk mobil og internett meir til å finna den informasjon dei treng sjølve.

– God og billig løysing

Det kan ein også gjera på turistinformasjonen på Utla Kafé og Bar. I tillegg til brosjyrehylla, er det sett opp ei datamaskin som turistar kan nytta seg av. 

– Det var Visit Sognefjord som spurte om dette. Om det var min eller deira idé, skal eg ikkje seia sikkert, men mi meining er at dette er ei god løysing og ei billig løysing, seier Eggum.

Les også: Meiner Årdal har eit godt utgangspunkt for reiseliv

– Marknaden er utanom Årdal. Det er viktig å ha føre seg. Det er ikkje Årdal me sel Årdal. Me skal sjølvsagt ta godt vare på kundane, og det er sikkert svakheiter med både det eine og det andre, men eg trur den løysinga me har no er betre enn den me har hatt tidlegare, og så er det opp til meg å sørgja for at personale er på hogget og flinke til å ta seg av gjestane. 

Ressursgruppe lokalt

Eggum fortel at han nettopp har skaffa plakatar som skal fortelja turistane at dei kan spørja personale om hjelp. I tillegg har dei tilsette vore på to kurs for å læra mest mogleg om Årdal.

– Det er jo ei utfordring når det er mykje utlendingar som jobbar hjå oss og ikkje kjenner bygda, men det er mi oppgåve å sørgje for at dei er flinke på det. 

Les også: Visit Sognefjord treng di hjelp

Med Visit Sognefjord på plass har dei overteke oppgåvene til gamle Årdal Reiselivslag. Med meir pengar og meir profesjonelle satsingar, kan dei drive marknadsføring av Sogn til alle årstider. I Årdal er det oppretta ei ressursgruppe, der Kristoffer Nystedt på Utladalen Camping, og Eggum representerer dei to største aktørane innanfor næringa, medan Terje Laberg i Årdal Utvikling representerer kommunen.

Profilering av Sogn

RETT VEG: Næringssjef, Terje Laberg, trur dagens turistinformasjon er rett veg å gå. Arkiv
RETT VEG: Næringssjef, Terje Laberg, trur dagens turistinformasjon er rett veg å gå. Arkiv

Sistnevnte trur også dette er rette vegen å gå når det gjeld turistinformasjon.

– Dette er eit forsøk frå Visit Sognefjord, så får me sjå. Eg trur på sikt at dette er den rette vegen å gå viss ein klarar å utdanna butikkpersonale og alle som jobbar i service til å formidla og selja Årdal som plass, men det vil bli ein overgang der ein prøver og feilar litt, seier han og fortel at dei såg at midlane til Visit Sognefjord til fullverdig turistinformasjon ikkje helg – ein slik kostar rundt ein million å drifta i året.

– Det som er med reiselivssatsinga er den profileringa dei gjer av Sogn. Dei er på alle messer og sel Sogn over heile verda. Dei er med på svære reklamekampanjar i ulike tidsskrifter og kanalar. Der er Årdal med for fullt. Det er det som er den tyngste delen av satsinga. Så kan ein diskutera om Årdal er godt nok profilert opp mot andre kommunar, legg Laberg til.

Tunge prosjekt på gang

Også han ser at det er gjort for lite på reiseliv i Årdal opp gjennom åra. 

– Men me er nettopp i gong med ei ganske omfattande satsing, og det kjem ganske store, tunge prosjekt framover. Det kjem ei satsing på Utladalen, der ein skal prøva å definera Utladalen som fyrtårn-prosjekt. Om kanskje to-tre år ser me konturane av dette. Besøkstala til Årdal allereie i juni er aukande. 

Og når det gjeld brosjyrehylla er Brandshaug heilt klar.

– Lat oss understreka at dette er første året. Det første året ein prøvde dette på Mix-kiosken i Sogndal i fjor var det heller ikkje så bra. Me tok ein skikkeleg runde i haust, og det vart vesentleg betre. Den same ambisjonen har me i Årdal, seier og fortel at dei har same opplegget ved Villakssenteret i Lærdal, Bokbyen i Fjærland og på Lustrabadet i Gaupne.

Til toppen