FULL UTRYKKING: Alle baudetatar rykka ut til brannen i Moadalen.
FULL UTRYKKING: Alle baudetatar rykka ut til brannen i Moadalen. (Illustrasjonsfoto: Lidvar Berge/Arkiv)

Bilbrann i Moadalen er sløkt 

Politiet har ikkje fått melding om personskader.

Årdal: Ved midnatt var det full utrykking i Årdal, med både brannbil, ambulanse og politibil. Klokka 00.02 meldte politiet til Porten.no at utrykkinga skuldast brann i ein bil ved Moadalen. 

– Brannvesenet er på staden, dei kom for 20 minutt sida. Brannen vart sløkt for ti minuttar sida. Me har ikkje fått melding om personskader, seier Steinar Hausvik ved Operasjonssentralen til Porten.no litt over midnatt. 

Det var éin person i bilen. 

– Veit de kva som har skjedd? 

– Nei, ikkje anna enn at det begynte å brenne i bilen. Det kan sjå ut som at bilen traff ein stein og at det begynte å brenne i motorrommet, seier Hausvik klokka 00.16. 

Han legg til at dei ikkje har meir å melde på dette tidspunktet.  

Til toppen