BRANN: Det brann i ein transformator på kaia i Flåm. Foto: Porten-tipsar.
BRANN: Det brann i ein transformator på kaia i Flåm. Foto: Porten-tipsar.

Brann på kaia i Flåm

På Twitter melder Vest Politidistrikt om brann i transformator på Flåm kai. Brannen er no slokka. Brannvesen og politi avsluttar på staden.

Flåm: Det var rundt klokka 08.50 at brannvesenet fekk melding om at det var røykutvikling i ein batteripakke på kaien i Flåm.

– Det brann i ein batteripakke på Flåm havn. Det var ikkje fyr i sjølve batteria men i transformatoren, seier brannsjef Reinhardt Sørensen. 

Klokka 10.00 har dei kontroll på situasjonen.

– Flammane er sløkt og me har kjølt ned bygget. No ventar me på elektrikar og fagfolk som skal undersøka skadene. Me får sjå kor fort me får opp att anlegget, men det blir nok ute av drift på ubestemt tid, seier brannsjefen.

Har du tips? Kontakt tips@porten.no.

Til toppen