Årdal: Ein garasje sto i full fyr i Øvre Årdal. Brannmannskap, ambulanse og politi var på staden.
Klokka 15.45 melder politiet at brannen er sløkt.
– Politiet kom nett til staden. Det er ikkje meldt om personskadar. Huseigaren er ikkje fysisk skadd, men er klart litt sjokka over det som har skjedd, sa Tatiana Knappen hjå Politiets operasjonssentral då brannen sto på.

Brannvesenet melder at det tidlegare var risiko for at brannen skulle spreie seg til huset, men at dei no har kontroll på flammane.