NEDBRENT: Garasjen er heilt nedbrent, fortel reporter på staden.
NEDBRENT: Garasjen er heilt nedbrent, fortel reporter på staden. (Foto: Halvor Storvik)

Garasje på Kaupanger brann ned

Garasje midt i ei bustadfelt brann til grunn.

Kaupanger: I 14.00-tida fekk politiet melding om røykutvikling i ein garasje i eit bustadfelt på Kaupanger.

– Då brannmannskapa kom til staden, var garasjen overtent, seier vaktleiar ved Vaktsentralen, Frode Korneliussen.

– Me har ikkje nokon opplysningar om kva som starta brannen, held han fram.

Det skal ikkje ha vore nokon bil i garasjen, men ein på utsida.

Klokka 14.20 opplyser politiet at garasjen er brent ned. Brannen spreia seg ikkje til nabohusa, men det er uvisst om det er skade på dei.

– Garasjen er fullstendig nedbrent. Det er ingen flammar her no, men det stig røyk opp ifrå ruinane, seier reporter på staden.

Det er ikkje opplyst noko personskader, men det er henta ut ein hund i frå ein leiligheit på staden.

Like etter brannen på Kaupanger fekk politiet melding om ein ny brann i ein bil ved Olahagen i Sogndal.

Til toppen