Aurland: På grunn av vedlikeholdsarbeid var det kolonnekøyring gjennom Gudvangatunnelen natt til laurdag.
Ei kolonne med tre vogntog var om lag 1500 meter inne i tunnelen då eitt av vogntoga byrja å brenna klokka 03:39. Det skriv politiet i ei pressemelding.
Over 30 personar berga ut
29 arbeidarar som jobba i tunnelen, samt sjåførane av dei tre vogntoga vart evakuerte.
– Dei har pusta inn ein del røyk og vert undersøkt av helse, seier Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Fire personar vart køyrde til Lærdal sjukehus med mindre røykskader.
Litt før klokka 04:54 melde politiet at brannvesenet hadde teke seg inn til vogntoget, som var utbrent.
Klokka 05:01 melde politiet at brannvesenet hadde fått kontroll på brannen.
– Strekninga frå Gudvangsida og fram til vogntoget er no gjennomsøkt, men det er ikkje mogleg for brannvesenet å ta seg vidare mot Aurland grunna nedfall frå tunneltaket, seier Rebnord.
Statens vegvesen melder at E16 Gudvangatunnelen er stengd, og at opprydningsarbeidet vil ta ei god stund.