STENGT: Brann i tunnel.
STENGT: Brann i tunnel. (Illustrasjonsfoto: Lidvar Berge/Arkiv)

Gudvangatunnelen open att etter bilbrann

Tunnelen var stengt ein periode onsdag kveld. 

Aurland: Politiet fekk fyrst melding om røyk og damp i Gudvangatunnelen i Aurland. Det meldte Vest politidistrikt på Twitter. 

Vegtrafikksentralen meldte deretter at tunnelen var stengt grunna brann i eit køyretøy.

Naudetatane rykka ut til staden. Det var ikkje meldt om opne flammar, eller personskade.

Passasjer av bilen kom seg ut av tunnelen, og bilbergar køyrde til staden.

Tunnelen opna att kort tid etter.

Til toppen