TOTALSKADE: Bilen er utbrent, og totalskada.
TOTALSKADE: Bilen er utbrent, og totalskada. (Foto: Porten tipsar)

Bilbrann i Lærdal: bilen totalskadd, ingen personskader

Bilen er utbrent, og brannmannskap forsøker å redda campingvogna. Det skal ha vore fire personar i bilen.

Lærdal: Det var i 17-tida onsdag at Vest politidistrikt fekk melding om ein bil som stod i brann på riksveg 52 i Borlaug i Lærdal kommune. Bilen er totalskada, og brannmannskap forsøkte å redda campingvogna.

Klokka 19:30 opna vegen etter å ha vore stengd sidan brannen braut ut rundt klokka 17.  

Klokka 19 melde politiet at bilbergar var på staden. Bilen var henta, og dei jobba med å fjerna campingvogna. Dei opplyser at det er glatt vegbane grunna ei blanding av olje og aske. 

– Det er brenn i ein bil med campingvogn. Bilen er heilt utbrent og det står fyr i delar av vogna. Brannmannskap er på staden og prøver å redde campingvogna, seier Frode Kolltveit operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Porten.no.

Fire personar i bilen

 Tidlegare i kveld skreiv Vest politidistrikt på Twitter at det ikkje var meld om personskader, men at det var fire personar i bilen.

Klokka 21:11 seier operasjonsleiar Frode Kolltveit at det var ein familie som var på tur, og  mor og far var sendt til legevakt for sjekk grunna dei hadde vore utsett for røyk ifrå brannen. 

Saka held fram under biletet. 

BILBRANN: Medan bilen vart totalskada, fekk campingvogna brannskader framme. Foto: Porten tipsar

Hendelsen har skjedd på Riksveg 52, på strekka frå Borlaug mot Hemsedal, med svingane ved Hola, skriver Vest politidistrikt på Twitter 18:06. 

Vegen vart stengd og personar på staden hjelpte til med å halde tilbake trafikken, det skreiv Vest politidistrikt på Twitter 17:38. 

Til toppen