Skjermbilde 2020-08-28 kl. 10.11.45
Skjermbilde 2020-08-28 kl. 10.11.45 (Lærdal brannvesen)

Brann i Lærdal: – Greidde ikkje å slokke det sjølv

Klokka halv seks torsdag vart det meldt om brann i ein einebustad i Lærdal.

Lærdal: Klokka nærma seg halv seks torsdag morgon då politiet melde om brann i ein einebustad i Lærdal. 

— Brannen vart meldt om av han som bur der, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt. 

Mannen skal ikkje ha greid på å slokke brannen sjølv, opplyser Algrøy.

Då brannvesenet kom til staden, såg dei at det var mykje røyk i huset. 

Opne flammar frå kjellar

Klokka halv sju melde politiet på Twitter at brannen var slukka. Huseigar var aleine i huset, og vert sett til av helse etter å ha pusta inn røyk. 

Brannvesenet blir på staden for å drive etterslokking. 

Algrøy er ikkje sikker på kva som er årsaka til brannen, men seier dei opprettar sak. 

Sogn Avis skriv at då naudetatane kom til staden, såg dei opne flammar frå kjellaren i huset. 

Porten.no kjem tilbake med meir.

Til toppen