OVERTENT: Eit gardshus på Holsete i Øvre Årdal tok fyr natt til måndag. Brannvesenet jobbar for å hindre spreiing.
OVERTENT: Eit gardshus på Holsete i Øvre Årdal tok fyr natt til måndag. Brannvesenet jobbar for å hindre spreiing. (Foto: Sunniva Knutsen)

Gardshus brann ned i Øvre Årdal

Huset var ikkje bebudd og heller ikkje møblert, opplyser politiet.

Årdal: Politiet fekk først melding om brannen på Holsete i Øvre Årdal klokka 23:10. Forbipasserande hadde kjend røyklukta og melde frå.

Klokka 23:23 opplyste operasjonsleiar Dag Olav Sætre at naudetatane var på veg til staden. 

– Det er eit hus som skal vera overtent ifølgje meldinga me har fått inn, sa Sætre til Porten.no då.

Politiet hadde vore i kontakt med eigaren av huset, som opplyste at ingen personar budde der.

Jobba for å hindra spreiing

Rundt midnatt kunne politiet opplysa at gardshuset var overtent, men at det ikkje skulle vera folk i huset, eller fare for spreiing.

Klokka 00:50 jobba brannvesenet framleis med å sløkka brannen. 

– Det er ingen dyr eller personar inne i huset. Me jobbar med å hindra spreiing til låven, der har eigaren nokre verdiar, sa innsatsleiar på staden til Porten.no sin journalist.

Det var lite vatn på staden, så brannvesenet valde å bruka det dei hadde til å hindra spreiing. Huset let dei brenna ned kontrollert. 

Ifølgje NRK.no reiste brannvesenet frå staden i 0430-tida. Lokalt politi har oppretta sak og vil etterforska brannen utover dagen.

Porten.no oppdaterer saka. Har du bilete eller tips? Sendt til tips@porten.no eller tlf 90815045.

Til toppen