Brann i semitrailer

Brann i semitrailer

Politiet melder om brann i trekkvogna til ein semitrailer ved Steinklepp i Lærdal. 

Klokka 19.13 måndag kveld melder politiet om at køyretøyet står i vegbana på E16 ved Borgund i Lærdal. Ingen personar skal vera i semitraileren og naudetatane er på veg. 

Operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier til Porten.no at føraren av den utanlandske semitraileren kom seg ut. Brannen i trekkvogna er no sløkt og bilberging er på veg.

Brannen starta i trekkvogna og rakk ikkje speie seg til lasta som innehelt papir. Årsaka til brannen er enno ikkje kjent, men vil bli etterforska.

Det vil vera manuell dirigering forbi staden ved Steinklepp på E16, fram til vogna er kald nok til å bli fjerna. 

Holme seier like etter klokka 20 at ho reknar med at vegen er open for fri trafikk om kring ein time. 

 

Til toppen