Kaupanger: Klokka 19.50 melder politiet at brannen er sløkt, og at brannvesenet no driv med ettersløkking. Ingen personar har kome til skade. Årsaka til brannen er ukjent.
Klokka 19.15 fekk Alarmsentralen melding om ein brann i terrenget rett over Skogly, eit samlingshus på Kaupanger.

– Det er omlag 35 kvadrat som har brent, gras og litt skog. Det har roa seg mykje, så no er det for det meste røyk, seier Frode Eide ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane klokka 19.30.
- Les òg: OBS-varsel: Stor skogbrannfare
- Les òg: Samtlege varmerekordar i Indre Sogn kan ryka den neste veka
Han fortel at lokale folk på plassen hadde gjort ein god sløkkejobb før brannvesenet kom til plassen. Dei veit ikkje kva som kan ha starta brannen.
– Det har me ikkje noko formeining om, seier Eide.
Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 90703711 eller tips@porten.no.
Klokka 19.30 melde politiet at brannvesenet var i ferd med å legga ut slangar på området. Det skulle ikkje vera fare for at brannen skal spreia seg.
