Brann i trafo i Øvre Årdal

Brann i trafo i Øvre Årdal

Tysdag føremiddag tok det til å brenne i ein trafo bak Kiwi-bygget i Øvre Årdal.

Tysdag føremiddag tok det til å brenne i ein trafostasjon bak Kiwi-bygget ved  sidan av Impec. Everksjef Jørgen Luggenes kan forelaupig ikkje seia noko om årsak til brannen.

– Det har skjedd ein brann i lågspentanlegget i kiosken, men me veit ikkje årsaka. Det må me få nokon andre til å uttala seg om. Me må berre demontera det og senda dette inn, seier han til Porten.no.

Røyk sivde ut av taket på stasjonen. Det tok ikkje lang tid før brannvesenet var på plass. Også folk frå Årdal Energi kom raskt til staden. Dette er andre gongen det brenn i denne stasjonen. Også får eit par år tilbake brann det her.

Artikkelen held fram under biletet.

RASKT SLØKT: Brannvesenet var raskt på plass og fekk sløkt brannen i laupet av kort tid.
RASKT SLØKT: Brannvesenet var raskt på plass og fekk sløkt brannen i laupet av kort tid.

Rundt 10.00 var brannen sløkt, men alle husstandar som er kopla på stasjonen er utan straum. 

– No prøver me å skaffa straum til dei me kan skaffa straum til, dei som er lettast å få det til for. Førsteprioriteten er at alle skal få straum så fort som mogleg, seier Luggenes, og legg til at innan 15.00 skal dette vera i orden.

Til toppen