DRAMATISK: Brannen i Undredal starta i eit naust, og spreidde seg vidare til låven, eit uthus, og to båtar som var lagra på land. 
DRAMATISK: Brannen i Undredal starta i eit naust, og spreidde seg vidare til låven, eit uthus, og to båtar som var lagra på land.  (Foto: Vest politidistrikt)

Brann i Undredal spreidde seg før nødetatane nådde staden

Årsaka til brannen er framleis ukjent.

Aurland: Natt til fredag ca kl 03.21 fekk nødetatane ei melding om brann i eit naust i Undredal i Aurland, skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Politi, brann og ambulanse vart sendt til staden. Medan dei rykka ut hadde brannen spreidd seg vidare til låven, eit uthus, og to båtar som var lagra på land. 

Brannvesenet driv framleis etterslokking.

Årsaka ikkje kjent

Årsaka til brannen er ukjent. Politiet er på staden for å snakka med vitner og undersøka åstaden, skriv dei.

Det var ingen fare for spreiing til bustadhus, så ingen trengde å bli evakuerte. Ingen personar er sakna eller skada.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen