BRANN: Politiet melde torsdag kveld om ein brann i eit vedskjul i Flåm.
BRANN: Politiet melde torsdag kveld om ein brann i eit vedskjul i Flåm.

Eit vedskjul tok fyr ti meter frå bustadhus

Huseigar og naboar trådde til med hageslangar for å hindra flammane frå å spreia seg.

Flåm: Klokka 23.03 melde politiet at eit vedskjul hadde teke til å brenna i Flåm.

– Vedskjulet er så godt som nebrunne, seier Nina Andal i Alarmsentralen.

Ho opplyser at brannvesenet har kome til staden. Det er ikkje er fare for spreiing, sjølv om det brenn berre er ti meter til huset det bur folk i. 

– Huseigar og naboar var ute med hageslangar og fekk fukta marka, slik at det ikkje skulle spreia seg bortover til huset. I tillegg er det forholdsvis vindstille, seier ho.

Klokka 00.19 melde politiet at brannvesenet hadde situasjonen under kontroll. Ingen personskadar er melde. Årsaka til brannen er ukjend.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen