Brann på Hydro-annlegg i Brasil – stenger ned 25 prosent av kapasiteten
(Foto: Hydro)

Brann på Hydro-annlegg i Brasil – stenger ned 25 prosent av kapasiteten

Det melder Hydro i ei pressemelding fredag kveld.

Fredag morgon lokal tid brann det i ein elektrisk transformator ved Hydro sitt deleigde aluminiumsverk Albras i Brasil. Som følgje av brannen, er ein av dei fire produksjonslinjene stengt ned.

Brannen er sløkt, og ingen personar kom til skade. Dei tre andre linjene har ikkje blitt påverka og produserer som normalt.

Hydro skriv vidare at det er for tidlig å vurdera finansielle implikasjonar frå hendinga, samt når produksjonslinja vil starta att.

Albras vil undersøke brannårsaka i samarbeid med lokale myndigheiter.

Albras har ein samla produksjonskapasitet på 460 000 tonn per år. Hydro eig 51 prosent av Albras, mens dei resterande 49 prosent er eigd av Nippon Amazon Aluminium Co. Ltd. Albras ligg i byen Barcarena i Pará-regionen Nord i Brasil, ved sida av Hydro sitt aluminaraffineri Alunorte.

Til toppen