Naudetatane er på plass ved slakteriet.
Naudetatane er på plass ved slakteriet.

Brann i maskinrom på slakteri i Gulen

Det er ikkje meldt om personskade.

Gulen: Klokka 13.15 melder brannvesenet at brannen er sløkt, og at dei har kontroll.

Klokka 12:42 blei det meldt om brann på slakteriet i Instefjord, melder politiet på Twitter. Det er ikkje meldt om personskade. Personane som var i bygget, har kome seg ut. 

Brannen skal ha vore i eit kompressorrom.

– Kjenner framleis varme

 

Ole Jakob Hartvigsen i 110-Hordaland seier til Porten.no at brannen truleg vart sløkt av tilsette. 

– Men vi kjenner framleis varme frå ein vegg. Vi ser etter om brannen har gått inn i kledninga, sa han.

– Det har vore branntilløp i eit maskinrom, og det er litt materiell skade. No er brannvesenet på plass, og dei held på med etterslukking, sa dagleg leiar ved Slakteriet Brekke AS, Knut Strømsnes til Porten.no.

– Er det store skader?

– Det er litt tidleg å seie. Det er eit avgrensa maskinrom. Men det medfører ein produsjonsstopp. Det er ikkje så mykje meir vi kan seie per no, haldt han fram. 

Porten.no kjem tilbake med meir.

Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no eller ring 97546895. 

Til toppen