BRANN: Politiet fekk melding om ein brann på Hydro måndag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
BRANN: Politiet fekk melding om ein brann på Hydro måndag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Brann på Hydro etter at ein grabb tok fyr

Brannvesenet har no fått brannen under kontroll etter at ein grabb tok fyr på Hydro.

Øvre Årdal: Politiet i Sogn og Fjordane fekk meldinga om brannen klokka 12.45 måndag. Ifølgje meldinga brann det i ein av produksjonshallane på Hydro i Øvre Årdal.

Då politiet kom fram til staden rundt 13.20, viste det seg at ein grabb hadde tatt fyr.

– Grabben dreiv med opprydding i ein omn då brannen starta, seier Dan Inge Gjesdal som er vaktleiar ved Alarmsentralen til NRK.

Det var hydraulikkolje som tok fyr. Naudetatane rykte ut, men det var ikkje fare for at brannen skal spreie seg, og det vart heller ikkje meldt om personskade.

Grabben vart etter kvart trekt ut av hallen, der sløkkingsarbeidet heldt fram. Få minutt etter var brannen under kontroll og like før 14.00 kunne politiet melde at brannen var sløkt.

Saka vert etterforska.

Til toppen