BRANN: Fleire har evakuert.
BRANN: Fleire har evakuert. (Foto: Tipsar)

Brann i bustad på Kaupanger: – Me har ikkje kontroll 

Det var fire personar inne i bustaden då brannen starta. Politiet melder om at ingen er skada.

Sogndal: Naudetantane vart varsla om brann i bygget klokka 05:36 fredag morgon og rykka kjapt ut. 

– Me har sendt ressusar frå Sogndal, Leikanger, Gaupne og Årdal, opplyser Terje Birkeland, vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane.  

– Me har ikkje kontroll grunna mykje vind i området. 

Den overtente bustaden ligg ved den gamle ferjekaia i Kaupanger. Brannen spredde òg til ein låve like ved.

– Foreløbig klarar me å holda flammane vekke frå låven, så den er foreløbig redda, seier Birkeland. 

Fire personar var inne i bustaden då brannen starta, men det er no bekrefta at alle no har kome seg ut. Naboane i nærleiken har òg evakuert. 

Har du tips eller bilete? Send på e-post til tips@porten.no.

KAUPANGER: Naudetatane har ikkje kontroll på brannen. Foto: Sondre Dalaker / NRK
Til toppen