BRANN PÅ ØYRI: Like før tolv i dag tok det til å brenne i ei leiligheit i den verna delen av Lærdalsøyri. Brannen er no sløkt og alle er berga ut av huset. Foto: Jan Christian Jerving.
BRANN PÅ ØYRI: Like før tolv i dag tok det til å brenne i ei leiligheit i den verna delen av Lærdalsøyri. Brannen er no sløkt og alle er berga ut av huset. Foto: Jan Christian Jerving.

Brann på Lærdalsøyri – ein person henta ut

Brannvesenet melder at brannen er sløkt.

Lærdal: Politiet fekk melding om brannen klokka 11:49. Den tok til i ei leiligheit nedst i Øyragata i Lærdal sentrum, i området med dei verneverdige trehusa.

 Brannen er no sløkt. Ein person er henta ut av brannvesenet og blir teken hand om av helsepersonell, seier Bengt Ness ved operasjonssentralen i Florø.

Alle som var i huset er ute og brannvesenet driv no med ettersløkking og lufting.

Politiet opplyser at leiligheita har fått litt skader inne. Helsetilstanden til vedkomande som er henta ut er førebels ukjent.

Til toppen