Leikanger: Klokka 16.19 måndag fekk politiet melding om brann i ein einebustad på Leikanger.
– Naudetatar er på veg til staden, skreiv dei på Twitter klokka 16:27.
Ei kvinne i 70-åra budde i huset. Klokka 17.14 melde politiet at kvinna var ute, og prega av hendinga. Kvinna vart teken hand om av helsevesenet, men det var ikkje meldt om personskader. Familien hennar bur like ved.
Ifølgje NRK fekk bannvesenet kontroll over flammane i 18:00-tida, før det blussa opp igjen like etterpå. Mannskapa driv no med ettersløkking.
– Det verkar som ein kraftig brann. Me er inne med røykdykkarar, og driv med utvendig og innvendig sløkking, sa Frode Eide ved Alarmsentralen til NRK tidlegare i dag.
Årsaka til brannen er enno ikkje kjent.
Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.