Kaupanger: Brannmannskap rykka i dag ut til Kaupanger, der det hadde teke til å brenna på to plassar, omlag 300 meter i luftlinje frå Amlatunnelen.
– Me har hatt mannskap ute, og no melder dei om at brannen skal vera under av kontroll, sa Siv Sørstrand ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane klokka 15.32.
Til NRK seier politiet at dei vil etterforska saka, og dei ønskjer tips om alle tre brannane den siste veka. Førre torsdag vart ein brann avverga ved Skogly takka vera snarrådig innsats frå forbipasserande. I går brann det igjen i skogen på Kaupanger.
– Me er interesserte i tips frå publikum når det gjeld det branntilløpet og dei som skjedde i dag, seier innsatsleiar og lensmannsbetjent Simen Brænd.
Han fortel at det er svidd av rundt 100 kvadratmeter til saman
Det er for tida ekstremt stor skogbrannfare i heile Sør-Norge. Sju av åtte kommunar i Indre Sogn har innført totalforbod mot å gjera opp eld i naturen.
