Årdal: Klokka 08:01 fekk politiet melding om røykutvikling i vaskeriet på Årdal sjukeheim på Årdalstangen. Naudetatane vart sende til staden, og oppdaga at det brann i ei av vaskemaskinane.
Operasjonssentralen melde til Porten.no at brannen var sløkt, men at det enno var litt røyk i området. Det vart då vurdert om det er naudsynt å evakuera delar av bygget.
Politiet melde klokka 08:24 på Twitter at evakuering ikkje vert naudsynt.
– Ein person har pusta inn røyk og vert tilsett av helse, skriv dei.
Har du tips eller bilete? Send på e-post til tips@porten.no.