BRANN UT: Berre hjula er att etter bosspannet som stod ved kyrkjeveggen.
BRANN UT: Berre hjula er att etter bosspannet som stod ved kyrkjeveggen. (Foto: Odd Øren)

Kyrkja full av røyk og vegg tok skade etter brann

Brannvesenet rykte like før klokka eitt i natt ut til Farnes kyrkje etter at det byrja å brenna i eit bosspann.

Årdal: Politiet veit ikkje kva som er årsaka til brannen, men vil undersøka saka. 

– Det er litt skadar på kyrkjeveggen og mykje røyk i lokalet, ingen personar er skadde, melde politiet på Twitter klokka 03:46 i natt.

Til NRK opplyser Alarmsentralen at brannvesenet har sett inn ei stor vifte for å lufta ut røyken frå kyrkja.

Til toppen