KAUPANGER: – Brannen er under kontroll no, opplyser Terje Birkeland.
KAUPANGER: – Brannen er under kontroll no, opplyser Terje Birkeland. (Foto: Tipsar)

Brannen er under kontroll - brannårsaka er ukjend

Fire personar var inne i huset då det tok fyr. Alle kom seg ut uskadd.

Kaupanger: Litt over klokka halv seks fredag morgon rykka brannmannskap frå Sogndal, Leikanger, Gaupne og Årdal ut til ein brann i eit bustadhus ved den gamle ferjekaia i Kaupanger. 

Det var fire personar inne i bustaden då brannen starta. Dei kom seg alle uskadd ut frå det brennande huset. Fleire naboar vart òg evakuert. 

Ettersløkking pågår

Totalt 30 personar frå brannvesenet deltok i sløkkingsarbeidet. 

– Brannen er under kontroll no, opplyser Terje Birkeland, vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, like etter klokka 08:00.

Han fortel at bustaden er så godt som nedbrent, og at brannmannskapet no driv med ettersløkking. 

FLAMMAR: Dette bilete var teke rundt klokka 06:30 fredag morgon. Foto: Tipsar
Til toppen