ULUKKE: Ulukke på Tindevegen.
ULUKKE: Ulukke på Tindevegen. (Foto: Porten-tipsar)

Tindevegen open att etter kollisjon mellom to personbilar

Vegen var stengt grunna ulukke tysdag føremiddag.

Årdal: Brannbil og politi rykka ut til Fardalen på Tindevegen rundt klokka 11:00 etter melding om kollisjon mellom to personbilar.

Det var tre personar involverte i ulukka, men det er ikkje snakk om personskade.  

Vår journalist var på staden og snakka med vitne. 

– Det er to bilar som har møtt kvarandre på smal veg, og dei har kollidert. Den eine føraren klaga over smerter i nakken.

Vitnet ringde alarmsentralen då ho kom til ulukkestaden. 

– Eine bilen låg i grøfta, men det er ikkje snakk om nokon brå sving, berre smal veg. 

ULUKKE: Ulukke på Tindevegen. Foto: Sunniva Knutsen

Vegen var stengt ein periode, og det var kø på begge sider.

Ulukke i Fardalen

Politioverbetjent i Årdal Magne Knudsen stadfesta rundt 11:30 at det har skjedd ei hending på Tindevegen, mellom murane og skihytta i Fardalen.

Til toppen