Sogndal: Klokka 15.33 melde politiet at det vore ei trafikkulykke på Slinde på vegen mellom Leikanger og Sogndal. Ein brannbil og ein personbil har kollidert. Politiet var då på veg til staden. Naudetatane rykka òg ut.
SISTE: Politiet opplyser at ein 48 år gamal sogndøl omkom etter skadene han pådrog seg i ulukka.
Vegen vart heilt stengt etter ulukka, og vart først opna klokka 18.58.

Ulukka skjedde samtidig som det vart meldt at ein grasbrann var ute av kontroll på Leikanger. Alarmsentralen i Sogn og Fjordane kunne først ikkje seia om tankbilen som kolliderte var på veg for å slukka brannen, men kunne seinare stadfesta dette til NRK.
Operasjonssentralen seier dei fekk melding om ulukka klokka 15.17. Alle naudetatane rykka ut til staden.
– For fem minutt sidan vart det meld at føraren i personbilen framleis var fastklemd. No er det ein luftambulanse på staden for å henta han, seier operasjonsleiar Lars Geitle klokka 15.47.
Berre føraren av personbilen er opplyst skada, men alt tyder på at det har vore ein kraftig smell.
– Det er store materielle skadar på personbilen, seier Geitle.
Ein time seinare kan politiet opplysa at sjåføren av personbilen er frigjort frå vraket, og vert frakta frå staden i luftambulanse. Politiet og ulukkesgruppa til Statens vegvesen undersøker åstaden.
