SLUMPETREFF?: Brannen tysdag starta på nøyaktig same plass som onsdag for seks dagar sidan. Politiet jobbar no på staden for å sikra spor.
Video
SLUMPETREFF?: Brannen tysdag starta på nøyaktig same plass som onsdag for seks dagar sidan. Politiet jobbar no på staden for å sikra spor. (Foto: Halvor Farsund Storvik)
Video

Brannen starta på nøyaktig same plassen som for ei veke sidan

Politiet vil likevel ikkje spekulera i om nokon kan ha forsøkt å tenna på skogen med vilje. Sjå video nedst i saka.

Kaupanger: Brannen på Kaupanger tysdag er den fjerde sidan 24. mai. Førre onsdag brann det på nøyaktig same plass. I videoen nedst i saka kan du sjå at det ikkje er noko overdriving.

Politiet vil likevel ikkje seia om det aukar sannsynet for at brannen er påsett.

STARTAR ETTERFORSKING: Lensmannsbetjent Simen Brænd seier dei vil etterforska brannen breitt, og utelukkar ingen forklaringar. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Me veit førebels ingenting, men vil undersøka spor på staden og snakka med vitner for å prøva å finna ut kva brannårsaka kan vera, seier lensmannsbetjent Simen Brænd.

Vil framleis ha tips

Etter brannen i førre veke gjekk politiet ut og bad om tips frå publikum. Det har førebels ikkje gitt særleg uttelling.

– Me ber nok ein gong om tips, og at dei som har vore i området tek kontakt med oss, slik at me får snakka med dei. Det kan henda me har spørsmål som dei ikkje har tenkt på, seier Brænd.

SAMSNAKKING: Politiet har nett kome til staden og får ei oppdatering av innsatsleiar Vidar Trettenes i Sogn brann og redning. Tom Wergeland (raud hjelm) og Elmer Sjøvoll er tilhøyrarar. Foto: Halvor Farsund Storvik

Rask innsats avgjerande

Brannen vart denne gongen oppdaga av ein av mannskapa til Sogn brann og redning som tilfeldigvis var på jobb i området.

– Det var han som ringde inn brannen, seier innsatsleiar Vidar Trettenes.

Då mannskapa kom til staden var det meste sløkt, det var berre enkelte flammar her og der. For fjerde gang har tilfeldigheiter hindra ein potensiell storbrann. 

FEKK RASK KONTROLL: Det tok kort tid frå brannen vart meld til flammane var under kontroll.

– Det er klart det er avgjerande å få tidleg varsling for å få sløkt brannane i ein tidleg fase, seier innsatsleiaren.

Heller ikkje han vil spekulera i årsaka til brannen.

– Det får vera opp til politiet å finna ut av det, seier Trettenes.

I videoen under kan du sjå kor nære brannen tysdag er dei to som starta for seks dagar sidan. Alt som er nærast vegen på begge sidar av elva brann for seks dagar sidan, medan det politiet står og ser på er frå i dag, tysdag.

Til toppen